26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Som om ein ikkje bryr seg om andre, seier ho. For om ein kastar ei gåve så

kastar ein på ein måte personen ein har fått den av, meiner ho. Og gåvene skal

stå synleg, slik at dei ein har fått dei av ser at ein set pris på dei.

”Det er tanken som teller når ein gjev noko, ikkje at det skal vera dyrt og flott.

Om eg ikkje har syns at det har vore så kjempefint så har eg syns at det har

vore fint at nokon har gjett det til meg, så eg kastar aldri ei gave! Det gjer eg

ikkje!” seier Else.

”Du tek vare på alt?” undrar eg.

” Ja. Eg set det kanskje ikkje midt i glaninga, men eg har det. Setter det kanskje

på ein litt meir diskret plass.” seier Else

”Men i forhald til å kaste ting, då – syns du det er – kastar du ofte ting?” lurar

eg på.

”Nei, hvis det er øydelagt og ikkje har nokon funksjon lengre, eller hvis det er,

ja, hvis det er skikkeleg øydelagt.” seier ho.

Her fortel Else at den einaste gåva ho hugsar at ho har kasta er eit smykkeskrin

ho fekk til konfirmasjonen. Då ho kasta det var det så øydelagt at det var uråd å

reparere. Ho hugsar framleis det smykkeskrinet og kven ho fekk det av. Ho

hugsar på den måten kven som synte interesse for henne gjennom å gje henne

gåva.

4.4.3 Forteljingane i tinga

For Else finst det ikkje eit skilje mellom tingen og historia bak tingen. For kvar

ting har si historie og sin gjevar. Utan tingen finst ikkje historia. Utan gjevaren

finst ikkje tingen. Kva som er viktigast – om det er historia eller tingen er for

henne uråd å svare på. Det er knytt i hop.

100

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!