26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

om tinga ber på meining utover å vera ting, eller om ting er tilfeldige og utan

vidare tyding. Sjølv er eg norsk og antakeleg prega av ein likskapstanke der

idealet er at alle menneske har same verdi. Når ein er oppteken av likskap kan

ein kritiserast for å underkommunisere forskjellar, noko som kan

problematiserast. (Gullestad 2001: 64, Lidèn 2001: 82, Vike et al 2001:11-31).

Men likskapsidealet her er eit verdigrunnlag, ikkje ein faktisk likskap. Utvalet er

gjort ut ifrå eit ynskje om å ha stor spreiing i det visuelle uttrykket. Ulikskapen

er tinga i heimen. Hovudspørsmålet ”Kva er ting for menneska” stilt saman med

kravet til fyrstepersonsperspektivet, som eg kjem tilbake til, peikar ut ei retning

for å finne utvalet av informantar. For fyrstepersonsperspektivet gjev

informanten autonomi (Zahavi 2003:16-18). Samstundes er tinga temaet for

oppgåva. Når eg har leita etter stadig nye informantar har eg funne dei gjennom

at eg har hatt noko kjennskap frå før til kva for ting dei har. Det kan likne på

snøballmetoden (Ryen 2002:90) fordi utvalet ikkje er fastlagd på førehand. Etter

intervjua er eg mest overtydd om at eg kunne ha fortsett og fortsett og at kvar

informant ville ha kome med si særeigne forteljing om tinga. Det vert tydeleg at

dette er ein definitivt kvalitativ metode med vekt på dei subjektive forteljingane.

3.2.2 Kritisk blikk på utvalet

Utvalet er svært lite, det involverer berre seks informantar. I startgropa for dette

arbeidet tenkte eg at eg ville ha så mange informantar som skulle til for å ”tøme

feltet” for informasjon. Eg ville halde fram til historiane tok til å gjenta seg og

det sjeldan kom fram noko nytt. Ein kan berre spekulere i kor mange

informantar ein laut ha for å ”tøme feltet” slik eg såg for meg. Dei rike

skildringane som informantane har kome med har gjort at utvalet vart mindre

enn eg hadde som mål. Etter kvart såg eg for meg at det ville vera realistisk og

ønskjeleg å intervjue om lag tjue informantar. Men etter berre fem intervju sat

eg med 120 tettskrivne sider med transkribert tekst og empirien var svært

48

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!