26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

verkelegheitsforståinga er. Det aristoteliske omgrepet mimesis er med på å

skaffe distanse til empirien, og som det vert forklara seinare dreier det seg om

verkelegheitsforståingar.

Lesinga av tingen skjer av eit subjekt som er situert stadleg, kulturelt, sosialt og

personleg. Det gjer at tingen ikkje betyr det same for alle som ser den. Det er

naudsynt å sjå at sanseinntrykk og dermed opplevingar kjem til gjennom det

opplevande og fortolkande subjektet (Birkeland 2005: 18). Om ein kan svare på

kva ting er for menneska vil eg halde opent. Spørsmålet opnar altså opp for å sjå

forholdet mellom ting og menneske som resiprokt. Samtidskulturen er ramma

som det resiproke forholdet sjåast innanfor. Med interesse for kulturanalyse vert

tinga sett på som eit prisme for å forstå menneska i sin kultur. Ting kan sjåast

som markørar av særskilte verdiar, noko som tyder at ein viss ting kan bety noko

for ein og noko anna for ein annan. Det er naudsynt å kontekstualisere tinga i tid

og stad (Miller 2005:10). Det kontekstuelle vert viktig.

2.3 Utdjuping av teoretiske perspektiv

Fenomenologien er som nemnd både ein filosofi og ein metode (Zahavi 2003:7-

8). Ambisjonen med intervjua er å fortolke dei med interesse for kva dei fortel

om kulturen. Kulturanalysen i denne studien går langt i å følgje den

fenomenologiske metoden. Det kan vera verdt endå ein gong å peike på at dette

paradoksalt nok kan sjå ut for å skape ei kløft mellom dei teoretiske omgrepa

som i hovudvekt er henta frå fenomenologien, og den empiriske tilnærminga.

Fordi det er mogleg at dette kjem av spennvidda mellom fenomenologien som

transcendentalfilosofi og den fenomenologiske metoden som vender seg til

verkelegheita.

Ifølge Zahavi meiner Heidegger at filosofien bør analysere det som er så

fundamentalt og sjølvsagt at det aldri blir skjenka ein tanke. Me kan analysere

27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!