26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Subjektet blei situert i tid og rom med Kant. Mennesket vert til ”subjektet her

inne” og naturen til ”objektet der ute” (Høystad 1994: 35). Sanninga vert situert

i tid og rom. Med influens frå Hegel situerast mennesket historisk og nasjonalt.

Menneska kan ikkje eksistere separat frå tida eller staden. Det kan heller ikkje

tinga. I det augneblikket mennesket er i same rom som ein ting er dei der til

same tid. Men ting kan ha lengre eller kortare varigheit enn mennesket.

Informantanes skildringar av tinga er ofte prega av tankar kring tida.

Henri Bergson hevdar ifølge Hans Kolstad (Kolstad 1998: 58) at problemet med

å skilje mellom ting og tid er av psykologisk art. Sjelstilstandane er av ein slik

karakter at dei glir inn i einannan og fargar einannan. Dette gjer det umogleg å

stille kjenslene opp etter einannan og skilje dei. Skilnaden mellom tida og tinga

er at tinga kan skiljast ut frå romet med klare konturar og såleis kan kallast

kvantitative. Medan tida er sameint med sjelstilstandane og difor vert ho til eit

kvalitativt aspekt ved verkelegheita.

Bergson hevdar at varigheita er ein del av heilskapen i verda, der alle ting gjeng

over i einannan utan faste grenser og difor vert prega av einannan. Dette er ei

organisk førestelling der dei einskilde delane ikkje kan rivast laus frå heilskapen

utan å endre den. Kvar gong noko nytt kjem til eller noko gamalt vert teke bort

endrar det heilskapen, og varigheita endrar karakter. På den måten er nyskapinga

ein del av varigheita (ibid: 62).

Fortida er også ein del av varigheita. Minner er fortidige medan tingen er i

samtida. Fortida er med inn i samtida med hjelp av tingen. Noko er som det var i

førre augneblikk. Såleis dannar univers av ting ein viss stabilitet til likes med

stadene. Som Casey seier så er ein stad like så mykje av kvalitativ som av fysisk

karakter. Med å vera slik den er tek den opp i seg kvalitetane til dei som er der,

og tilbyr sjølv eit sett kvalitetar. Fordi den kan oppsøkast igjen og igjen er den

med på å skapa samanhengar og meining (Casey 1996: 26-27). Naturkatastrofar

er døme på det motsette av stabilitet. Dei velter om på alle kjente ting og bryt

43

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!