26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

1.1.1 Tinga og naturen

Ting og forbruk kan sjåast saman. Naturen har ein ”plan” for kva som skal skje

med noko som lever. Når det døyr gjeng det tilbake til naturen. Dei moderne

produksjonsmetodane har ikkje utan vidare ein tilsvarande plan for produkta.

Når ein ting ikkje lengre er i bruk gjeng han sjeldan tilbake til naturen. I

framstillinga, transporten og forkastinga av produktet er det naudsynt å sjå kor

annleis det verkar inn på naturen enn det naturen sjølv har føresetnad for å takle.

Mange produkt har ei kort levetid og såleis burde dei hatt i seg evna til å bli

absorbert av naturen når dei ikkje lengre er i bruk. Kanskje er det ein naudsynt

standard for produksjon i framtida. Eg var dagleg leiar i ei reiselivsbedrift i om

lag fem år og internaliserte ein slik tankegang gjennom eit miljøprosjekt som

kom i stand som eit lokalt samarbeid med andre reiselivsbedrifter og SND

(Statens Nærings- og Distriktutviklingsfond, no: Innovasjon Noreg). Gjennom å

tenke på denne måten fekk bedriftene ned avfallsmengda, straumforbruket,

mengda miljøskadelege kjemikalier (i vaskemiddel og til vedlikehald), talet på

transportmil ved frakt og så bortetter. Under streken vart det ein økonomisk

gevinst, noko som gjorde det enkelt å argumentere for ei omlegging av drifta.

Vel ute av drifta kunne eg sjå meg ikring og oppdage at svært få andre var

opptekne av å gjennomføre slike tiltak jamvel om miljøgevinsten også kan gje

økonomisk gevinst. På eit personleg plan hadde eg skifta handling og haldning i

løpet av miljøprosjektet. Etter dette er eg oppteken av miljøspørsmål, noko som

kan forklare kvifor eg prøvar å ha eit dobbeltgrep i oppgåva. Det er interesse for

samanhengen mellom natur og kultur, dette dobbeltgrepet finn eg støtte for hjå

Merleau-Ponty (Merleau-Ponty 1994), Høystad (Høystad 1994), Abram (Abram

2005), og Birkeland (Birkeland 2005). Der finst ei gjensidig avhenge mellom

ulike naturar, desse er mennesket som natur og naturen som natur. Med dette

feiast dualismetenkinga til sides for ein einskapleg måte å forstå mennesket som

ein del av alt ikring. Med fokus på kva ting er for menneska ligg dette berre som

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!