26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

4.1 Barndom og risiko

Barndomen er som eit gyllent rom som ingen andre har tilgang på. Fordi den er

tilbakelagt kan ingen andre endre den (Baudrillard 1996: 96). Ting kan bera i

seg indre bilete som er større enn tingen sjølv. Dei kan være speglingar av eit

usynleg indre, og gøyme håp og draumar. Berre eins eigne tankar og minner kan

endrast. ”Gitte” har verkeleggjort barndomens utopiske interiørdraum i eit

gullbelagt univers. Sonens barndom pregar også interiøret. Barndom er det eine

temaet for analysen og eg ser den i forhold til ein følt risiko.

Ein kan dø i ei ulykke, ein kan bli sjuk, fattig, eller einsam (Giddens 1996: 147).

Ulykker med bil, fly eller brann minner om at mennesket stadig vurderer og gjer

feil. Naturkatastrofene minner oss på at mennesket ikkje strekk til. Desse

hendingane vert formidla av media. Krisene vert til eit økonomisk grunnlag for

media, som dermed ser ut for å legge vekt på slike hendingar.

Eg køyrer inn i ein tettstad i eit oslonært område. Når eg kjem til den rette

adressa lyt eg opne ein dobbel smijernsport før eg køyrer opp ei brusteinslagd

oppkøyring til villaen. Rosene slynger seg ut over brusteinane frå begge sider og

dannar to viltre rosa linjer i oppkøyringa. I hagen står det ei bronsefontene som

sprøyter vatn over karpedammen. Ein del av hagen er reservert historiske

planter. Plenen er eit frisert, grønt teppe. Store blomsterkrukker dekorerer

inngangspartiet til villaen der eit alarm-merke er i augnefallande plassert ved

den tunge eikedøra. Det heile gjev eit inntrykk av ny velstand og barokk

estetikk. ”Gitte” som er femtisju år bur saman med mannen ”Torgeir” og sonen

”Marius” på fjorten år. To vaksne born har flytta ut for fleire år sidan. Villaen er

ein generasjonsbolig der faren til Gitte har sin eigen del. Ho har drive eit firma

innanfor ei praktisk verksemd i over tjue år saman med mannen sin. Kjellaren

vert bruka som lager og verkstad for firmaet. Gittes hovudansvar i firmaet er

økonomi og kundekontakt.

67

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!