26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

3 Metode

3.1 Den kvalitative metoden

Med dei fenomenologiske perspektiva og den faglege tilknytinga finst det

interesse for meining i denne oppgåva. Meining søkast gjennom kvalitative

intervju som på si side reknast for å vera ein nøkkelmetode innanfor Cultural

Studies (Barker 2000: 26-27, 38). For å ta meining på alvor må ein anerkjenne at

mennesket er eit meinande vesen, og slik kan ein anerkjenne autonomien til

informanten. Mennesket har alltid interessa si vend mot noko som Ryen kallar

”det meiningsfylde objektet” (Ryen 2002: 44). Her har eg nytta kvalitativ

metode i datainnsamlinga, medan intervjua har rettleiande perspektiv frå den

fenomenologiske metoden. Fokus har vore å følgje informantane så langt råd er

utan å miste tema for samtalen. Fordi konteksten vert viktig i forståinga av

korleis subjekta er situerte, vil analysen ha i seg skildringar av dei stadene der

intervjua gjeng føre seg. Eg viser korleis eg ser omgjevnadane, det er ein måte å

syne fram seg sjølv som situert subjekt også (Klein og Ehn 1994: 46).

Skildringane søkjer likevel mest av alt å kontekstualisere informantane.

Dei kvalitative metodane gjev fleire moglegheitar. Metoden kjenneteiknast

mellom anna av færre, men lengre intervju. Ofte setjast kvalitativ og kvantitativ

metode opp mot einannan, medan ein i røynda kan ha bruk for

metodetriangulering. Kvantitative undersøkingar krev eit høgt tal av informantar

og gjennomførast gjerne gjennom avkryssing på spørjeskjema. Difor er det ikkje

alltid naudsynt å vere i personleg kontakt med informantane. Medan den

personlege kontakten med informantane er ein føresetnad i dei kvalitative

intervjua. (Repstad 1998:14, Kvale 1997:60 ). Nærleik på intervjustaden er altså

45

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!