26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

”Numerisk identitet: En tings ”sammehed” med seg selv til forskel fra alle

andre ting. En tings enhed i rum og kontinuitet i tid som nettopp denne

bestemte enkeltting (Fink 1991: 206)”.

Informanten sjåast som unikt interessant. Informanten fortel om tinga. Dersom

tinga er ein del av identiteten, er det ein del ein kan endre. Tinga kan i så fall

sjåast som ein del av personens ”generiske identitet” til forskjell frå dei

medfødde genene og den gjevne identiteten på identifikasjonspapira som vil

vera den numeriske identiteten.

”Generisk identitet: En tings ”sammehed” med alle andre ting af samme

”genus” – samme slags, art, type, kategori eller klasse. En tings tilhørsforhold

til et bestemt fællesskab af andre ting (Fink 1991: 206)”.

Intervjua finn stad i hus som informanten har forma gjennom handlingar. Husa

har rom, tinga er der fordi dei er brakt dit av nokon. Identitet og handling heng i

hop i analysen. Difor ser eg menneske og ting i ein romleg så vel som ein sosial

og stadleg kontekst. Denne konteksten gjer at handling vert synleg fordi ein ser

at romet endrar seg med tinga. Tinga pregar romet, og tinga vert plassert i romet

av menneska. I ei slik forståing vil eg argumentere for at omgrepet identitet kan

sjåast som ein måte å handle i verda på og at ein difor kan seie at ein gjer

identitet. Måten identiteten kjem til syne på er gjennom handling. Under vil eg

freiste å forklare korleis ein kan knyte omgrepet identitet til handling.

For å gjera dette synleg tek eg utgangspunkt i ordets eigentlege meining. I

framandordboka tyder ordet identitet ”fullstendig overensstemmelse”. Medan

ordet identifisere tyder ”å påvise samstemmigheten av; bringe under samme

begrep; gjenkjenne som den (det) rette (Berulfsen 1978). Omgrepet er eigna når

ein vil syne at nokon er lausrive frå dei andre. Identiteten skil seg frå dei andre

gjennom fysisk avgrensing, kroppen er skild frå andre kroppar i verda. Slik er

ordet identitet særskilt eigna til å syne korleis nokon skil seg frå dei andre.

39

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!