26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

helsevesenet eller barnevernet burde gripe inn og hjelpe til for å redde borna

(Wyller 2001: 249, 250). Så seint som på midten av 1960-talet kunne ein lese

om korleis ein normal heim skulle sjå ut, basert på vurderingar frå helsevesenet.

”Kriteriene på dårlig hjem er at det er skittent, i uorden, altfor lite eller egentlig

ikke noe ordentlig hjem i det hele tatt (ibid:250)”. Helsevesenet har vore viktige

i preginga av den norske normaliteten fordi dei står i posisjon til å seie kva som

er friskt og kva som er sjukt, med andre ord kva som er normalt (Sirnes 1999:

35).

Om ein legg eit nærsynt perspektiv på saka så ser ein at nokre av

arbeidskollegaene til Anne tok utdanninga si på 1960-talet, og kan vera

representantar for eit verdisett som skildra ovanfor. Men dette er ikkje eit godt

nok perspektiv.

Det dreier seg om langt djupare kulturelt forankra verdiar som spring ut av det

hegelianske tankegodset. Den norske norma er spreidd i ei vifteform ut frå

viktige instansar for norskdom som skule, helsevesen og ordensmakt.

Oppsedinga vart prega ut frå tre instansar som fekk grep om den individuelle

forståinga for kva som var moralsk. Det dreidde seg om familien, det sivile

samfunnet og staten. På alle desse tre nivåa vart den personlege sjølvutfaldinga

avgrensa til fordel for eit velfungerande samfunn. Integrasjonen til det norske

innebar ei vurdering av korleis den einskilde kunne te seg til samfunnets beste.

Handlingane bar bod om vilje til integrasjon og normalitet. Utviklinga av det

norske var eit kulturelt standardiseringsprosjekt (Sirnes 1999: 36; Wyller 2001:

252 ).

Det er slike krefter som framleis ser ut til å verke i Noreg. Eineforsørgjaren kan

kjenne eit ekstra press i høve til normaliteten. Ein er aleine ansvarleg for den

daglege omsorga for seg sjølv og barnet. Det kan kjennast risikofylt å vera

ekskludert frå den følte normaliteten. Ei mor bør vise normalitet slik at omsorga

for barnet får eit synleg og legitimt uttrykk. Viss ikkje finst det instansar til å ta

111

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!