26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

den materielle stabiliteten. Slik ser ein at den materielle stabiliteten også

fungerer som ein mental stabilitet.

Tingen i seg sjølv er konstruert i ei historisk tid, og den kan bera på historier

som finn stad i tid. Tingen kan bera i seg fortid, samtid og framtid, og den kan

tolkas på nytt i den nye tida. Ved å vera til dømes eit arvestykke som skal gå

vidare i slekta kan tingen jamvel bera i seg ønskjer for framtida Samstundes kan

tingen vera ei symbolisert flukt inn i fortida, kor barndommen har ein særskilt

posisjon. Barndommens tid fungerer som ein innvendig fluktstad som med sin

private karakter er utilgjengeleg for andre (Baudrillard 1996: 80). Tinga ser ut

for å strekke tidshorisontane våre.

På bakgrunn av Baudrillard og Bergson vil eg hevde at samansmeltinga av tid

og ting kjem til eit møte i sjølvrefleksjonen. Ting kan gå inn som ein del av

identitetsarbeidet. Dei synlege tinga kan ha som funksjon at dei dannar eit

personleg indre univers. Det vert nærliggjande å tenkje at ting har som

potensiale at dei kan vera speglingar av indre bilete. Dei er synlege som

gjenstandar i romet, medan dei er skjulte som meiningsbererar. Ting vert

manifeste utan at tilskodaren umiddelbart kan vita på kva for måte.

44

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!