26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

”For det er den siste tingen eg fekk av henne. Og då skal den vera død, altså.

Den dagen eg kastar den. Det skal den!”

Planta er ikkje eit objekt for Else. Den er ei vidareføring av bestemora. Ho

snakkar til den, stryk den over blada og ser på den med eit med eit

medmenneskeleg blikk. Det er samhald mellom dei to – henne og bestemora,

henne og blomen. Else passar på dei – blomen og bestemora.

4.4.5 Tida i tinga

Ifølge den franske filosofen Jean Baudrillard kan ting, særleg samleobjekt,

setjast i samband med tidskjensla. Om det ikkje direkte er samleobjekt Else

omgjev seg med, så er det likevel slik at ho aldri kastar ting, men samlar på dei.

Hennar samtidskjensle kan setjast inn i ei større forståing dersom ein ser at tida

ikkje alltid kjennest som kronologisk, men kvalitativ. Eit utval av hendingar vert

hugsa gjennom tinga.

”The problem of time is a fundamental aspect of collecting. As Maurice

Rheims says: ’A phenomenon that often goes hand in hand with the passion for

collecting is the loss of any sense of the present time’ ( Baudrillard 1996: 95)”.

Baudrilliard forklarar at organiseringa av ting til ein viss grad kan erstatte

kjensla av den reelle tida og at dette kan knytast til vissa om at livsløpet skjer

mellom fødsel og død. Det finst ein moglegheit i tinga – at dei ber historia om

personen vidare. Det er ingen garanti for dette, men utan å etterlate seg noko er

det mindre håp for å bli hugsa. Dei spesielle tinga kan bera livshistoria vidare, ei

historie som elles er utanfor kontroll for den personen historia gjeld.

(Baudrillard 1996: 95-96).

Elses ting er fulle av historiar. Med historiane følgjer menneska. Det er knytt

hukommelse til tinga. Tinga er entitetar. Tinga er forteljingar om integrasjon i

105

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!