26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Grekaren har moral og haldningar, evner og eigenvilje som gjev seg til kjenne.

Handlinga er mimetisk med karakteren og med tanken bak handlinga.

Kan hende har me drege med oss tankesett frå antikken gjennom kulturelle

transformasjonar kalla førmodernitet, modernitet og seinmodernitet eller

postmodernitet. Ting eigast av nokon, dei er ikkje lausrivne storleikar i eit eige

univers. Ting og menneske er på same stader. Tinga er synlege kring mennesket.

Sidan ting må ervervast gjennom handlingar kalla lønsarbeid eller gjennom arv

og gåver kan det koma fram ei kulturell sanning; at ting viser til handling og

karakter.

I denne studien er informantane vaksne, etniske norske som snakkar om tinga

sine. Gjennom utvalet av ting fortel informantane noko om ”kva for eit

menneske dei er”, eller ”kva for ein nordmann” dei er. Tinga fortel noko, dei har

tilknytingar gjennom at dei forvaltas eller eigast av ”nokon”. Dei allmenne

normene for kva ein nordmann er gjer visse måtar å vera norsk på til akseptable

former. Dette har konsekvensar for både kultur og natur fordi forma kan knytast

til forbruk (Myrvang: 2005). Om det finst ein følt normalitet (Meyer 1999: 14,

21-22) kan ein hevde at det allmenne står over det spesielle slik som under

antikken.

Alle måtar å vera norsk på ser ikkje ut for å vera sosialt aksepterte, slik

informanten ”Anne” skildrar. Ein følt normalitet gjer omgrep som inklusjon,

eksklusjon og toleranse aktuelle. Ut ifrå desse refleksjonane kan spørsmålet

”Kva er ein grekar?” inspirere til spørsmålet ”Kva er ein nordmann?”. Myta om

nordmannen er konstruert slik at ikkje alle har høve til å passe inn. Det spelar

kanskje mindre rolle om ein er norsk eller ikkje enn om ein elles oppfyller andre

”normalitetskrav”.

123

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!