26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

”Eg klarer ikkje rot!” seier han.

Han fortel at han har budd aleine ei stund og har blitt litt sær. Han opnar opp

kjøkkenskapa og viser at alle koppar og glas står på geledd med etikettane vendt

framover. Ingenting står framme på benkane eller bordet på kjøkenet. Det er det

ein kan kalle ”strigla”.

Når me gjeng inn i stoga er det som å koma til ein maskulin versjon av ei

leikestoge. To veggar er fulle av VHS-filmar på den eine sida og DVD-filmar på

den andre. Fjernsynet står sentralt plassert på eit Tandberg radioskap frå 60-

talet. Ein gamal sveivegrammofon har sin plass, det same har eit par hundre

vinylplater. På veggen heng det ei Disney-klokke. I bokhyllene er det ikkje

bøker, men miniatyrbilar, Coca Cola-artiklar og bleikkleiker. Dei einaste bileta

som er på veggane er tre portrettfotografi av ungane. Det er det vakraste han har,

seier han.

4.3.1 Bil, identitet og integritet

For Jon er bil hobby og livsstil og det pregar interiøret. Eg tenker bilen er som

ein ekstra frakk for Jon, ein frakk han har utanpå amerikanske t-skjorter og

oppbretta Lee-bukser med kjetting frå lommeboka i baklomma. Han har

brylkrem i håret, Elvis-sveis, og kotelettar på kinna. Jon står fram som estetisk

bevisst og forma.

Bil er hovudinteressa hans. Den eine bilen er ein amerikanar som er under

oppussing. Han seier at han får eit personleg forhold til dei bilane han har brukt

tid på å pusse opp. Han fortel at den bilen som stend utanfor er av same type

som den fyrste bilen han kjøpte seg.

”Kva betyr den bilen for deg då?” spør eg.

90

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!