26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

”Det er mennesker som har levd uten å tenke så mye på karriere, i noen grad,

venner, og så er det jo også det miljøet som jeg beveger meg i mer sånn

profesjonelt. Musikkmiljøet og en del kunstnere, som det er greit at her er

det…”

Musikaren og sosiologen Hans Abbing hevdar at fornekting av økonomien er

ein føresetnad for kunstnarane. Dei må setje kunsten fremst for å vinne truverd

som kunstnarar (Abbing 2002: 50-51). Ved å velje kunsten framfor ein ordinær

jobb kjenner desse menneska i det minste at dei har ei større personleg

tilfredsstilling enn i ein vanleg jobb. Denne personlege tilfredsstillinga

kompenserer for dårleg økonomi (ibid:114-115).

Sosiologen Per Mangset stiller spørsmålet om kunstnarar eigentleg skil seg

svært frå andre yrkesutøvarar (Mangset 2004: 15). Ein kan formulere dette

spørsmålet litt annleis og spørje om fattigdomen til kunstnarane blir tolka

annleis enn andres fattigdom. Svaret her kan kanskje ligge i kva ein er mest;

kunstnar, deltidsarbeidande i helsevesenet eller aleineforsørgjar. I konteksten der

eg spør om tinga, vert presset på normaliteten påtrengande. Som aleineforsørgjar

kan strevet bli stort dersom ein har dårleg økonomi. Det ligg store anstrengingar

bak den materielle standarden som dottera har på ting, klede og utstyr. Anne

nemner eit ubehag i høve til kven som kan koma på besøk. Det går eit skilje

mellom det miljøet ho er inkludert i og det miljøet ho er ekskludert frå. Det blir

eit gjensidig forhold. Men musikaren er ikkje alltid så synleg fordi det andre

krev henne.

Det fell meg inn at musikarens evne til å endre opplevinga av tid ved å tilføre

tida ein kvalitativ dimensjon har ein særskilt verdi. Og eg får lyst til å seie noko

om dette fordi det er dette som er Annes profesjonelle identitet. Tid kan vere ei

kjensle av samtid og eksistens. Musikaren set lyd til tida. Det endrar kjensla av

samtida, og gjev lyttaren eit val. Vil du ha det eller ikkje? Slik er musikarane

med på å gjera liva våre rikare på val og estetiske opplevingar. Vi kan inkludere

118

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!