26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

3.2.3 Intervjusituasjonen

Intervjua gjekk føre seg heime hjå informantane og varte frå ein og ein halv til

tre timar. Fordi dette er ein så personleg forma stad har eg funne det naudsynt å

gå inn i nokre refleksjonar kring sjølve intervjusituasjonen, som er sjølve

inngangsporten til den informasjonen eg fekk. Litt under vil refleksjonane ha

med seg tankar kring etikk og samhandling. Det kvalitative intervjuet er eit høve

til sjølvrefleksjon så vel som refleksjon over eit fenomen i samtida. For med den

subjektive vendinga vert også den som skriv relevant I denne studien er det ikkje

mogleg å hevde ei objektiv sanning. Det eg derimot kan hevde er at

informantane har sagt slik og slik, og at eg tolkar dette på denne måten. Det er ei

hermeneutisk tilnærming til sanninga som inneber at ein reflekterer over korleis

meininga kjem fram i dialog med informantane. Birkeland gjer greie for korleis

historikaren Evelyn Fox Keller ser på forholdet mellom subjektiv og objektiv

kunnskap;

”We should preferably work with dynamic objectivity, an understanding where

objects and subjects in the world are granted independant integrity, but in a

way that relies on connectivity and reciprocity between objectivity and

subjectivity (Birkeland 2005: 22)”.

Erkjenninga av at det skjer ei pendling mellom subjektivitet og objektivitet trekk

med seg refleksjonar kring dei situerte subjekta. Det gjer at kontekstane vert

viktige, og difor vil analysen ha i seg skildringar av dei stadene der intervjua

gjeng føre seg. Eg viser korleis eg ser omgjevnadane, det er ein måte å syne

fram seg sjølv som situert subjekt også (Klein og Ehn 1994: 46). Skildringane

søkjer likevel mest av alt å kontekstualisere informantane.

Eg var tilskodar til ei heimeverd samstundes som eg tok del i denne verda

gjennom samtalar med informantane. Eg var både deltakar og tilskodar. Det

tilskodarblikket eg tok i bruk var likevel eit sympatiserande blikk, ikkje eit

50

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!