26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

4 Empirisk del

Ting er ofte ordinære. Gjennom den ordinære nærleiken i kvardagslivet er tinga

til stades samstundes som menneska gjer seg mangfaldige livserfaringar der dei

er. Når informantane set ord på dei ordinære gjenstandane trer det fram noko

spektakulært. Den ordinære gjenstanden og den spektakulære historia frå

kvardagen kjem til å verke på einannan. For idet gjenstanden vert forklart endrar

den seg framfor ein. Den er ikkje lengre berre ei form som er lausriven frå

romet. Den er sjølv eit rom. I dette romet bur forteljingane. Menneska endrar seg

framfor meg fordi dei fortel desse historiane, som vert hugsa gjennom tinga.

Historiane om tinga ser ut for å gje dei mentale posisjonar som liknar dei

relasjonane me har til stader. Ein stad er meir som ei hending enn som eit objekt

(Casey 1996: 26). Også tinga opplevast og erkjennast som noko meir enn

faktiske og materielle. Stadene og tinga har noko felles som noko som me stadig

kan oppsøke, oppdage eller finne nye forståingar for. Gjenstandane er til stades

saman med andre gjenstandar. Det er likevel ikkje slik at alle gjenstandar er lada

med meining eller historier. Her finst det ulike måtar å sjå det på.

Denne studien følgjer den fenomenologiske metoden, og difor forsøker eg å

fristille informanten så godt som eg greier. Ein lyt likevel vera klar over

forskingseffekten (Repstad 1998: 56). Den måten ein formar spørsmåla på vil

alltid påverke kva ein får vite.

Kvart intervju har sin eigenart og fleire ulike interessante tema, difor haldast dei

separate under framstillinga. Det er utfordrande å trekke fram hovudtema. Eg

freistar å lenke saman den kryssande informasjonen som finst i kvart einskild

intervju med kulturanalyse. I spennet mellom nærleik og distanse håpar eg å få

fram nokre trekk ved den norske samtidskulturen.

65

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!