26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Familiens identitet får eit uttrykk gjennom tinga

fordi tinga kan vise til kva for ideal ein har, altså

kven ein er og kven ein ikkje er, som i det

idealiserande mimesis. Ivar og Ingunn har

historiar om dei fleste tinga, og ofte vert tinga til

definisjonsspørsmål. Kven er kva for kven og

kva er kva. Dei involverer seg sterkt i

forteljingane om tinga begge to, det skjer ein

integrasjon av den andre medan dei fortel. Tinga

blir til inkluderande behaldarar der bevisstheita

om eit fellesskap ser ut for å vera viktig. Det kan verke som om tinga kjem i

staden for tida saman. Og at dette gjer tinga endå viktigare, fordi dei er til

erstatting for ei kvalitativ tid som inkluderer heile familien. Om ein tenker seg at

behovet for å vera inkludert av dei andre er til stades, men er gjort til ein knapp

ressurs fordi ein ikkje har tid – kan det då vera slik at tinga erstattar tida? Vert

ting berarar av magiske førestellingar slik at tingen erstattar tida saman med eit

menneske fordi tingen kjem frå dette mennesket? Integrasjonen i liva til

einannan krev energi og tid.

Forbruket kan sjåast saman med behovet for å bli inkludert samstundes som ein

fysisk er ein annan stad. Medan ein kan hende mentalt vert flytta bort frå heimen

av TV-bileta når ein er der. Det kan vera uttrykk for den menneskelege

tålegrensa for å yte. Tinga kan kome til å erstatte tida fordi menneska ordnar seg

slik at ting og tid heng saman i forteljingar om omsorg, økonomi, innsats, moral

og kjærleik. Tinga handlar om meir enn seg sjølve. Tinga ber i seg forteljingar

om kva ein fyller tida med.

Kanskje forbruk kan knytast til vårt forhold til tid. Jobben er for mange ein

føresetnad for forbruk. Arbeidstida gjer materielle investeringar mogleg. Den

87

Figur 10 "Fjernkontroll

til kjøkkenvifta"

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!