26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

seg eit samspel mellom to eller fleire partar. I dette samspelet aktiverer ein ei

rekkje sosiale ressursar.

Empati er i seg sjølv ei mimetisk kjensle. Når ein kjenner medkjensle med

nokon tek ein etter kjenslene for å setje seg inn i staden til den andre. Innan

fenomenologien vert empatien rekna som eit fundament i intersubjektiviteten.

For å forstå den andre gjeld det ikkje berre å lytte, men også å leite etter

analogiar mellom åtferda i den andres kropp samanlikna med eins eigen kropp.

Innsikt i den andre er knytt til ulike medvitsfenomen. Til dømes kan den andres

gråt kjennast att som uttrykk gjennom at ein kjenner til sin eigen gråt (Zahavi

2003: 62-63).

Gjennom intervjua la eg vekt på det mimetiske tilhøvet mellom meg og

informantane. Eg, ein gjest i deira hus, gjekk inn for å kjenne etter kva

informantane uttrykte. Eg søkte ei mimetisk kjensle med deira. Den mimetiske

evna er knytt til ei haldning til den andre. Mennesket er sosialt deltakande og i

stand til å ta etter den andres kjensler.

3.3.5 Mimesis og fotografiet

Ting ser ut som, dei uttrykker, dei er. Dei kan fotograferast, skildrast, teiknast,

takast i og luktast på. Ting er sanselege einingar. Om ein er oppteken av det

situerte subjektet vert ein oppteken av at verkelegheitsforståingar må sjåast i

kontekstar. Eg har nytta fotografi som støtte til skildringane av intervjua. Dette

er ei fabulering over kva potensiale Clifford Geertz sitt omgrep ”Thick

description” har (jfr Geertz 1973). Fotografiet talar i overført forstand, lesaren

kan samanlikne med sine eigne indre mimetiske bilete som vert framkalla av

teksten. Kanskje vil mine språklege framstillingar av ein ting snarare tåkelegge

og forvrenge enn oppklare og skildre. Om idelaet mitt er ei mimetisk attgjeving

av røynda må eg likevel erkjenne at eg er like så situert som dei eg intervjuar,

63

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!