26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Ting ser også ut til å kunne bera stemningar i seg, og referere til humor. Humor

gjer det personlege speleromet større og lettare. Saman med orden gjer humor

tilværet enklare. Når alt er på den plassen det høyrer til er det enkelt å finne, ein

treng ikkje bruke energi på å rydde og leite. Energien kan overførast til humør.

Eg intervjuar ”Jon” heime, men lurar på om intervjuet hadde vore annleis om det

gjekk føre seg ein annan stad, til dømes i garasjen. For eg spør om tinga inne i

huset, men eg får ofte bilen til svar. Det vert eit brot mellom det eg oppfattar at

eg spør etter og det han svarar på, noko som tvingar fram andre tankemåtar. For

kanskje er ikkje spørsmåla mine relevante for Jon. Kanskje høyrer dei til ei

kvinneleg tankeverd. Det han svarar gjer at eg må utvide horisonten min for kva

ting kan tyde. For Jon er det som er inne ei spegling av noko som gjeng føre seg

utanfor heimen. Alle tinga hans refererer til noko han oppsøker utanfor huset.

Til å byrje med kan det verke som ein utvendigheit, men i staden undrar eg om

det er naudsynt å sjå det i ein kjønnskontekst.

Jon bur aleine, er førtiein år, skilt, og har tre born i skulealder som mora har

dagleg omsorg for. Han ser borna ofte, for dei bur i nærleiken. Han bur i ei bygd

der han leiger den eine etasjen i eit hus. Utanfor huset stend det ein

karakteristisk veteranbil.

Me har snakka saman på telefon på førehand, så han veit kva me skal snakke

om.

”Kom inn!” seier han. ”Eg er gutt, eg veit du. Eg bryr meg ikkje så mykje om

hòss det er heime!”

Eg undrar om dette kan stemme, då interiøret er samstemt, det meste med 50-60-

tals-preferanser, det er kvite blondegardiner i vindauga og ryddig. Eg ser for

meg noko anna om ein ikkje bryr seg om korleis det ser ut. Men her ser det stelt

ut, som om nokon har omsorg for tinga.

89

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!