26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

1 Innleiing

1.1 Bakgrunn

Det høge forbruket skadar kloden dagleg og fører til klimaendringar. (sjå til

dømes www.climatecrisis.net) Likevel bremsar me ikkje opp. Tvert om ser det

ut for at klimautsleppa aukar, og at utnyttinga av naturressursane vert meir og

meir brutal parallelt med stadig meir avansert teknologi. Dette uroar og undrar

meg. Korleis kan me lata dette hende – me står med opne augo og deltek i

øydelegginga av det som alt liv er fundamentalt avhengig av. Me sagar av den

greina me sit på i stadig aukande tempo. Det er eit logisk brot her som eg tykkjer

det er vanskeleg å akseptere. Det høge forbruket vårt har med ting å gjera. I

løpet av ein periode på 200-300 år har det vestlege samfunnet gått frå

primærnæring til høg grad av tertiærnæring. På denne korte tida har me lukkast i

å produsere og forbruke uhorvelege mengder med ting. Desse tinga er berre

delvis nedbrytelege. Søppelberga aukar dagleg – mykje av det som kastast vil

ikkje forsvinne. I landet Noreg når forbruket stadig nye høgder i takt med stadig

betre økonomi. Dette skjer trass i at me er godt opplyste om konsekvensen av

forbruket. Kvifor bremsar me ikkje opp? Får me aldri nok? Kvifor må me heile

tida ha noko nytt? Forbruk kan ha ei form som handlingar i høve til kunnskap.

Mi haldning er at det ikkje er nok å overlate miljøspørsmål til politikarane, me

må sjå på våre eigne handlingar i høve til dette. Kvar gong me kjøper noko har

det vorte frakta frå ein annan stad. Frakt forureinar meir til lengre tingen er

frakta. Kvar gong me kjøper noko frå ein stad støtter me at produktet kan

legitimerast. Me sender ein impuls til produsenten om at marknaden vil ha

produktet. Forbruk er ei politisk handling. Om ein tek denne tankegangen heilt

ut vert forbruk til eit moralsk spørsmål.

10

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!