26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Denne undringa vil fortsetje i oppgåva. Det er ikkje høve til å utforske dette

spørsmålet grundig i denne analysen fordi det ikkje kjem fram i dette intervjuet.

Likevel er det refleksjonar som kan seie noko om den norske samtidskulturen,

og som ville vera interessante å følgje12.

4.2 Huset og fellesskapet

”Ingunn” og ”Ivar” er i midten av trettiåra og har flytta inn i det nybygde huset

sitt for to og ein halv månad sidan. Dei bur i eit villastrok i nærleiken av Oslo

saman med dei to borna sine som går i barnehage. Huset er heilt kvadratisk med

ei stor glaspyramide på taket. Det er beisa i stålgrått og panelet er vekselvis

ståande og liggande for å få fram husets eigenart. Utearealet er ikkje opparbeidd

enda, dette er det fyrste ein av dei kommenterer når eg kjem. Dei forklarar

korleis dei har tenkt å gjera det, og korleis naboen vil bygge ein underjordisk

garasje for å få større grillareal.

Innvendig er alle veggane kvite og roma er opne mot einannan. Dei har vore

opptekne av ljosinnfall under planlegginga av huset, fortel dei. Glaspyramida på

taket lagar eit overljos som fell ned gjennom trappehuset til fyrste etasje.

Vindauga er store. Tekniske løysingar og materialval er gjort slik at huset er

mest mogleg lettvint å halde i orden, dei glatte overflatene gjer reinhald lettare,

fortel Ivar. Eit flislagt areal går frå gangen gjennom stoga og ut til verandadøra

og gjer at ein ikkje treng å tenke over om ein har sko på når ein gjeng gjennom

huset, fortel dei. Golvet er i parkett og det er vassboren varme i golvet, bortsett

frå at det ikkje verkar enda, ironiserer paret. Kvar etasje har eit bad, frå badet i

andre etasje gjeng det ei sjakt ned til vaskeromet i fyrste slik at skittentøyet

hamnar rett i korga. Desse løysingane sparer dei for masse arbeid, seier dei.

12 Sjå ellers til dømes Jorunn Solberg 2003 eller Marianne Gullestad 2002.

79

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!