26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Identiteten er til ein viss grad formbar, ein kan gjera synleg kven ein er lik og

kven ein skil seg bort frå. Grenseoppgangane mellom oss og dei andre vert

synlege gjennom det ein kan kalle identitetsforvalting.

Når ein vert oppteken av identiteten sin kan ein difor tru at ein vert oppteken av

korleis ein skil seg frå dei andre, og korleis ein liknar dei. Det ligg an til ei

utmeisling. Denne forminga gjer at eg ynskjer å ta i bruk ordstillinga gjera

identitet.

2.4.5 Integritet

I framandordboka forklarast ”integritet” slik: ”helhet, uskaddhet; ukrenkelighet

(Berulfsen 1978)”. Ifølge Høystad kan ein erstatte omgrepet identitet med

integritet (Høystad 1994: 160-161, 227). Dei to omgrepa leiar ut i to ulike

tilnærmingsmåtar til mennesket. For Høystad handlar omgrepet identitet om å

vera lik eller identisk med. Av den grunn vert ein ekstra merksam på grensene

mellom det ein er lik og det ein er forskjellig frå. Identitetsomgrepet vert knytt

til den eigne personen men også til staden, nasjonen, religionen og tinga. Slik

sett vert identitetsomgrepet særleg eigna til grensesetjing. Ein er ikkje berre til,

ein er også eit teikn på kven ein er og kven ein ikkje er. Dette synet vert nærmast

ein karikatur av mennesket som overflatisk vesen. Motsatsen for Høystad ligg i

menneskets integritet. Integriteten har moralske implikasjonar (ibid: 161). Å ha

integritet fører til inklusjon og gjer at mennesket kan kjenne ein heilskap med

det andre. For med omgrepet integritet meiner han at menneskets

erfaringsbaserte mentale og kroppslege opplevingar vert innlemma i den

heilskapen som individet er (Høystad 1997:11). Høystad tek utgangspunkt i

Heideggers ontologi som feller mennesket inn i verda. Den kartesianske

dualismen mellom subjekt og objekt kan kaste ljos over hans syn på identitet

som grensemarkør. Dualismetanken skil kroppen frå det som er ikring. Med

Heidegger argumenterer han for at ein ikkje kan forstå mennesket utan å forstå

40

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!