26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Ho ser seg sjølv inn i ein familiekontekst der ho sjølv er viktig for dei ho har fått

tinga av. Når ho snakkar om tinga og dei ho har fått dei frå, kjennest det som ho

aktiverer noko. Dei som har hatt tinga før henne vert til levande bilete medan ho

fortel. Når dei er til stades i romet gjennom forteljingane i tinga, er også Else

meir til stades. Tinga er prov på at ho er viktig for mange. Til vederlag hugsar

ho historiane og verdset dei. Ho eig forteljingane i familien fordi ho eig dei

historieberande tinga. Slik kan ein analysere henne inn i eit hierarki kor kvinna

har ein særskilt posisjon som forvaltar av dei historieberande elementa i

interiøret. Ho tek vare på tinga, og på menneska. Både dei samtidige og dei

fortidige. Ho er ein matriark dersom ein anerkjenner at forvaltinga av det sosiale

kring og i ein familie gjev makt. Else lyt til å vera felt inn i ein familie der det

finst eit kvinnefellesskap som kjem til uttrykk gjennom arv og gåver. Gjennom å

hugse dei andre vert kvinna sjølv hugsa. Slik kan det sjå ut som om kvinna har

makt. Ein kunne tenke seg at om ho fell bort av nokon grunn vart forvaltinga av

fellesskapet overlete til dei andre. Spørsmålet er om dei gjennom sosialiseringa

er gjort kvalifiserte til denne forvaltinga. Dei andre i familien er av eit anna

kjønn. Eg lurar på om dette har noko å seie. Eg kjem tilbake til korleis ein kan

sjå matriarken seinare.

4.4.4 Ein entitet

Når tinga, forteljingane og gjevarane er så tett samanvevde at dei ikkje kan

skiljast frå einannan slik Else skildrar det, kan tinga få namn. Dei vert til

namngjevne entitetar. Ein slik ting gjeng under namnet ”Auget mitt” i familien.

”… oldemora mi hadde ei brosje med ein stein i. Og den hadde ho på seg

nesten bestandig, for ho var vel veldig glad i den. Og så hadde ho vore i den

åkeren, og eg veit ikkje om ho hadde tatt opp poteter eller eit eller anna sånt.

Ho var ganske lita då, forresten. Men ho var vel i alle fall ute og jobba. Og

plutseleg merka ho at det var vekk, så sprang ho til nabokjerringa og sa;

103

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!