26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

6 Konklusjon

6.1 Kva er ting for menneska?

Ting ser ut som, dei uttrykker, dei er. Dei kan skildrast, fotograferast, teiknast,

takast i og luktast på. Ting er sanselege einingar. Gjennom å vera til stades ser

dei ut til å bygge ein personleg kontekst kring mennesket. Ting er som små

hemmelege rom fulle av personleg historikk. Ting står i eit eige forhold til

livshistoria og kan hjelpe hukommelsen til å hugse.

Tingen er ei utgåve av tingen. Framtoninga er mimetisk med det som den tingen

framkallar av indre bilete. Det er som eit refleksivt mimesis. Eg vil definere det

refleksive mimesis som korleis tingen er lik det den framkallar av indre bilete

for mennesket. Tingen treng dermed ikkje vera som det naturalistiske mimesis,

altså identisk med det den ser ut for. To identiske ting kan ha heilt ulik tyding.

Tingen treng heller ikkje å vera som det fantasmatiske mimesis, som er tingen

slik den burde vera. For dette er knytt til moral.

Ovanfor har eg peika på nokre punkt i forteljingane som ber med seg

handlingane inklusjon og eksklusjon. Kva for ting som blir inkludert eller

ekskludert kan vera symbolske handlingar, og slik sett også bidra til segregering

(som kjønnssegregering i heimen) og marginalisering (som sosial ekskludering).

Dersom me la meir vekt på integriteten enn identiteten (sett som ei grense

mellom subjektet og det andre) hjå oss sjølve, ville me vera på veg mot

inklusjon, som er medskaping og dialog. Me er jo allereie medskaperar av alt

ikring slik det som er ikring er medskapar av oss. Å bli oppteken av

medskapinga av verkelegheita er ein veg til handling som skjer med naturen i

staden for mot naturen, og med menneska i staden for mot menneska. Og det er

ein måte som fører med seg personleg ansvar. Ein kunne førestelle seg at

135

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!