26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Men Skårderud meiner at Lasch tek feil. For Skårderud handlar det snarare om

at skamma er transportert frå ei kollektiv til ei individuell norm. Medan den

kollektive norma kan diskuterast er den individuelle norma udiskutabel. Såleis

misser ein språket om skamma (Skårderud 2003: 140 – 141). Kva som fører til

skam styrer kulturen fordi det samstundes har ein motsats i kva som er

verdigheit. Verdigheit, ideal og normalitet er nøkkelomgrep i forståing av ære.

At den norske samtidskulturen er ein æreskultur er ein kulturell blindflekk. Me

hevdar ofte at den muslimske æreskulturen er eit trugsmål mot den norske

kulturen. Det kan vera fordi dei to formene for ære ikkje fluktar med einannan.

Me ser ikkje ein gong kva som driv æra i vår eigen kultur. Men om

resonnementet hittil er rett, så er ting ære. (Jfr intervjuet med Anne).

5.1.3 Er ting dokumentariske for identiteten?

For denne studien er oppdaginga av objekta ein føresetnad. Blikket sjåast her

som kontekstualisert i ein kultur der vekta på overflatene har konsekvensar for

naturen og kulturen. Allereie Charles Baudelaire (f 1821- d 1867) skildrar

korleis kunsten og moten appellerer til det moderne mennesket, og i ein hyllest

til sminkekunsten legg han ut om korleis sminke foredlar og forsterkar kvinnas

utsjånad (Baudelaire 1987: 101-121). Han set omsorga for overflata, altså

utsjånaden og det kunstnariske opp mot naturen. Naturen tvingar mennesket til

mat og søvn. Medan trongen til å ta seg ut ved hjelp av sminke og klede ligg tett

på kunsten og dermed kulturen.

Forholdet mellom subjekt og objekt gjev ein fordel til det subjektet som er i

stand til å objektivere seg sjølv og dei andre. Den som veit å posere er urban,

verdsvant og har kunnskap om kulturen. Dette trekk opp eit skilje mellom den

som gjev seg naturen i vald og den som let seg kultivere. Beviset på det

kultiverte mennesket finst i objektas overflate i moten, sminkekunsten og

125

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!