26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

2.4.1 Fenomenologien og omgrepa

Det kan kanskje verke klargjerande å syne korleis dei valde omgrepa står i

forhold til fenomenologien og interessa for subjektet innan dei vert forklara kvar

for seg.

Som nemnd gjerast opplevingar og erfaringar på stader som omsluttar oss. Med

fenomenologien får ein auge på at stader konstituerer oss og at me konstituerer

stadene. Menneske så vel som entitetar er alltid og overalt stadbundne (Casey

1996: 18-19, 24). Fokuset på ting ser individet i samband med staden. Ting finst

på stader (ibid: 25). Rom-omgrepet er i munnleg bruk om roma i huset og det

fører med seg at det vert naudsynt å sjå på kva dette omgrepet inneber i tillegg

til det nemnde utanfrå- og-inn-perspektivet. Eg møtte informantane på stader.

Me var i dei og såg dei nedanfrå og innanfrå, men under intervjua var me likevel

i rom inne i husa. Desse roma gav horisontar, omgjevnadar, synsinntrykk, lydar,

lukter og avtrykk mot kroppen. Innanfor stadene finst det altså opplevde og

erfarte rom (Abram 2005: 175-178).

I den personlege erfaringa er omgrepet tid relevant. Tankar kring tida vert ei

opning i forståinga av intervjua, og det kjem til ei utdjuping av forholdet mellom

stad, rom og tid .

Ting og menneske sjåast saman her. Entitet og identitet er ord av same opphav.

Ein entitet er i utgangspunktet ein ting. Omgrepet entitet peikar mot

fenomenologien fordi det forklarast med ein tings vesen, væren. Tinga er

entitetar, menneska har identitetar. Ordet identitet er knytt til kven nokon er

(Fink 1991: 205). Det skil den eine personen frå den andre, og gjer at me kan

skilje mellom kven som gjer kva slik at den einskilde vert ansvarleg for

handlingane sine. Slik finst det djupare kulturelle trekk knytt til omgrepet.

Mennesket har også integritet (Høystad 1997:7). Det gjeng føre seg eit sosialt

liv der den enkelte er integrert med andre menneske. Inklusjon og eksklusjon er

30

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!