26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Spørsmålet kan formulerast som ”Kva er ein nordmann?”. Danninga av

nordmannen var sterk og suksessfull og innebar historiekonstruksjonar. Det vart

”naturleg” for ein nordmann å tenke og handle på gjevne måtar, slik vart mytene

internaliserte i kulturen (Sirnes 1999: 57-58, Froestad 1999: 93-94, Tvedt 1999:

116). Desse mytane kan ha noko å gjera med korleis me tenker om identitet, og

korleis me ser oss sjølve i høve til dei andre.

Det er knytt ei mengde informasjon til identiteten. Noko av dette vil ein

kommunisere. Ein er ikkje berre den ein er, men eit døme på kva for eit

menneske ein er. Og ikkje berre det, men kva for ei utgåve av seg sjølv ein er.

Ulike kontekstar kan kalle fram ulike utgåver av den eigne personen. Gjennom

den ein er vert ein synleg for andre. På ein blunk vert det synleg kva for kjønn

ein har. Ein kjem til syne gjennom at andre ser ein. Men identiteten er meir enn

kjønn og alder. Dersom identitet er ein prosess er den ikkje heilt fastlagd, men

delvis i rørsle. Rørsla styrast av mennesket og viser til handling. Gjennom

handlingar kjem mennesket til syne.

”Og siden den tragiske efterligning er efterligning av en handling, og enhver

handling blir utført av noen som handler, og siden nu videre de som handler

nødvendigvis må være av en viss beskaffenhet hva karakter og tankeliv angår, -

for på grunnlag av karakteren og tanken bak en handling kan vi dømme om

handlingen og si at den er slik eller slik, - så er der altså naturnødvendig to

årsaker til handlingene, og disse er tanken og karakteren, ved dem lykkes eller

mislykkes alt” (Aristoteles: 27).

Aristoteles meiner at ein kan døme tankeevna og karakteren på bakgrunn av

handlingar. Handlingane er ikkje tilfeldige, men knytt til den eigne personens

evner. Det indre vert synleg gjennom ei spegling i det ytre uttrykket. Med andre

ord er det eit samband mellom handling, tanke og karakter. Me kan trekkje

slutningar frå det me ser ( handlingar) til det me ikkje ser (tanke, karakter).

122

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!