26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

aldersgruppe. Informantane var mellom 32 og 57 år, ein kan kalle dei ”vaksne,

etablerte norske”. Dei held til i bygder, byar og ”bygdebyar” på austlandet. På

den måten håpar eg å ha med ei viss breidde i høve til korleis den geografiske

verkelegheita kan ha noko å seie.

Ulikt frå den fenomenologiske metoden, som er av transcendentalfilosofisk art

(Zahavi 2003:16), er dei kvalitative metodane av praktisk art (Kvale 1997:61).

Skilnaden ligg i å undersøke på den eine sida kva verkelegheit er som ein

heilskap mellom menneske og alt ikring, og å undersøke kva som er verkeleg for

kven. Utvalet av ”kven” er ein del av den kvalitative metoden. Ein kan velje

etter ulike kriterium, og med ei sterk subjektiv vending vert det ei vending mot

kontekstane. Det vert viktig å skildre korleis ein har gått fram fordi det med

dette ikkje finst ein veg fram til mål, men eit utal vegar. Tilgjenge kan vera ein

viktig grunn for utvalet (ibid:160-161, 172, 176).

Korleis tingmengda står fram og let seg skildre og kategorisere styrer utvalet

her. Det vil seie at eg har leita etter informantar i ljos av kva for ting dei har.

Informantens horisont er møtt med interesse for den eigne historia og gjer at

einkvar forteljar vil vera interessant. Det skiljast ikkje mellom utdanning, sosial

bakgrunn, inntekt eller liknande. Resonnementet bak utvalet kan trekkast i hop i

nokre enkle punkt.

• Korleis få vite kva tinga er for menneska?

• Eg må snakke med menneska.

• Forteljingane om tinga er sjølve saka som eg skal undersøke.

• Eg lyt søke etter ting ut frå forskjellar, på jakt etter stadig nye, ulike ting.

Då eg bestemde utvalet lurte eg på om folk sa det same om tinga sine jamvel om

dei hadde svært ulike ting. Og eg lurte på kor instrumentelle grunnar som ville

koma fram i intervjua, slik som legitimering av ein nytteverdi som eigentleg er

ein statusverdi. Eg ville vita om det er tilfeldig kva for ting ein har i heimen. Og

47

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!