26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

eg at ein kan seie at det finst eit matriarkat. Ein heim er eit lite samfunn. Om det

er slik lyt det koma fram, i miljøspørsmålet er spørsmålet om kven som har makt

til endring (også) knytt til forbrukarens handlingar. Miljøansvar er relevant i

høve til makt.

Slik eg forstår Birkelands omgrep ”choragrafi” (Birkeland 2005: 147-149)

skildrar det korleis menneskets indre er (møtet med) det ytre. Der finst ikkje eit

skilje mellom subjekt og objekt, desse er eitt fordi opplevinga føreset begge

delar. Det ytre får ein medskapar i menneskets indre. Det er ein kreativ prosess i

den forstand at det indre vert kreert som ei kraft innanfrå som vender seg

refleksivt mot det ytre og så tilbake igjen. I same grad vender det ytre seg mot

det indre.

Ifølge Birkeland så meiner Iragaray at mor har makt, men at denne er usynleg.

Hennar makt er knytt til den fødande og nærande kroppen, som den fyrste staden

spedbarnet møter. For henne vert difor kroppen til ein stad (Birkeland 2000:

201-205). Slik vert kroppen konkretisert som både stad og stadleg. Horisonten

vert viktig, for kva ein ser er avhengig av staden. Slik kan det å sjå kroppen som

stad vera eit nyttig analytisk verktøy, fordi det gjer bindinga mellom subjekt og

stad sterk. Dette fører fram til omgrepet ”choragrafi” (Birkeland 2005: 147-149)

som handlar om å skrive staden nedanfrå og innanfrå. Analyser av makt kan

gjerast med å analysere stader. Studier av kultur er ofte studier av samfunn.

Heimen kan sjåast som eit lite samfunn. Som andre stader der det finst makt

burde denne makta forskast på. For kan hende er det ein inngang til å sjå ei side

av samtidskulturen. Kvinnas makt er kanskje svært knytt til hennar stad og om

ein vil; henne som stad (Birkeland 2000). Dette spørsmålet har dimensjonar som

går langt utover kva ting er for menneska: I forhold til til dømes

bornefordelingssaker og spørsmålet om uttak av fødselspermisjon vert dette

relevant. Men for denne studiens del er det diverre ikkje plass til å gå nærare inn

i dette.

130

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!