26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

(Birkeland 2002: 89) og eg vil leggje til; interessa for identitet fordi dette

omgrepet lyt til å handle om grensene mellom den eigne personen og dei andre.

Dette kjem eg tilbake til.

I den andre tankelekkja er subjektet nomadisk, ikkje skild frå verda ikring men

gåande på bakken og tilhøyrande verda. Mennesket er felt inn i livsverda og kan

ikkje skiljast frå det som er ikring. Det er interesse for staden, deltakinga og

persepsjonen (Birkeland 2002: 94), og ein finn ei anna forståing av romet der

romet er innanfor staden og konstituerande for forholdet til staden (Abram 2005:

175-178). Til dette knyt eg omgrepet integritet idet Høystad hevder at dette gjer

mennesket til eit persiperande subjekt som opnar opp for sine eigne ulike

komponentar som opplevande og erkjennande. Det skjer eit vekselspel med

omverda som gjer grensene mellom subjektet og verda opne (Høystad 1994: 16).

I ei assosiativ tankerekke har eg kome fram til at dersom ein kan knytte

omgrepet identitet til omgrepet eksklusjon dukkar omgrepet inklusjon opp som

ein dikotomi til eksklusjonen. Eg finn inspirasjon til dette hjå Høystad (Høystad

1997: 7-28). For Høystad er ikkje mennesket ein identitet skild frå resten av

verda, men eit persiperande opent vesen som deltek i verda med sin integritet.

Eg er så fri at eg knyt eg inklusjonen til integriteten og vil gjere greie for dette i

presentasjonen av dei sentrale omgrepa.

2.2.2 Resiprositeten mellom ting og menneske

Subjektet er alltid fysisk situert. Dette gjer det interessant å reflektere over kva

som skil subjektet frå staden, dersom det i det heile kan skiljast frå einannan. For

kanskje er kroppen sjølv ein stad slik Luce Iragaray tek til orde for og som Inger

Birkeland utviklar vidare (Birkeland 2000:202, 2005: 148,149). Gjennom å sjå

kroppen som ein stad vert det mogleg å sjå ein djupare ontologi mellom

mennesket og naturen eller materialiteten. Med å gå så langt som å oppløyse

skiljet mellom kroppen og materialiteten har ein for alvor lagt bak seg det

24

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!