11.07.2015 Views

Sak 03807 O Vedlegg Fagleg Rapportering 2006 - Helse Vest

Sak 03807 O Vedlegg Fagleg Rapportering 2006 - Helse Vest

Sak 03807 O Vedlegg Fagleg Rapportering 2006 - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

253Forskerutdanning - dr.grad 911087:Å vente på å få ein diagnoseProsjektansvarlig: Tove Giske (tove.giske@haraldsplass.no), Diakonissehjemmets høgskolePasientar innlagde til utgreiing går gjennom ei vanskeleg tid og dei bruker mykje krefterpå å førebu seg til å få diagnosen samt på kva som venter dei etterpå. I dette er dei sværtsårbare, men prøver å skjule det så godt dei kan. Ideal-personalet for dei godekunnskapar og erfaring, gir tilpassa informasjon og viser at dei bryr seg om pasienten.Teorien ”Førebuande venting” er utvikla av analyse av 18 intervju med 15 pasientar innlagde på eingastropost til utgreiing. Dei var i aldersgruppa 35 – 84 år. Deltakarane har hatt plagene sine frå 1 dagtil 9 år og vore innlagde frå 1 – 36 dagar når intervjuet fann stad. 7 hadde stått på venteliste og 8pasientar vart akutt innlagt. Intervju og analyse av data har skjedd fortløpande og datasamlinga startaut opent og vart meir fokusert ettersom studien gjekk fram.Hovudutfordringa deltakarane kjenner på er å førebu seg til konklusjonssamtalen og livet etterpå.Konklusjonssamtalen er når det medisinske teamet oppsummerar konklusjonen på utgreiinga.”Førebuande venting” viser korleis pasientane arbeider med å finne utav og forstå kva som skjer meddei. Å leve med usikkerheit for framtida, saman med smerte og problem som dei ulike symptoma gir,er ein stor byrde for pasientane.”Førebuande venting” er kjernevariablene i teorien, som alt det andre er vove inn i. Pasientanearbeider med å forstå situasjonen best mogeleg. Dei søker informasjon og dei gir informasjon deivurderer som relevant for situasjonen. Samstundes tolkar dei alle haldepunkt både i seg og rundt segfor å prøve å finne meining i det som skjer. Parallelt med dette kjenner dei på den eksistensielleutfordringa usikkerheita gir: no er det mitt liv og mi framtid som står på spel. Dei vert meir bevisstepå kva verdiar som er viktige i livet samt kva livssyn dei har. For mange kjem gudsbilde til syne imåten dei ber til Gud på. Dei tek også vare på seg sjølv ved å søke etter kvile der dei prøver å komeover i ein annan mental tilstand der dei kan kople frå presset utgreiing og usikkerheit er.Heile dette arbeidet vert styrt av balansegangen mellom håp og fortviling, der dei aktivt søker godegrunnar for håp samt kontrollerer negative tankar så dei ikkje tek overhand. Denne bevegelsenmellom håp og fortviling gir dei ein smak på kva dei håper og kva dei fryktar og førebur dei såleis pådet som måtte kome på ein måte som dei kan klare å forhalde seg til.3 forskningspublikasjoner i <strong>2006</strong>:Giske, T"Hospitalised patients going through diagnostic workups. Guidelines for improvement of care."7th NCFI conference; Ethics and Spirituality: The heart and soul of Christian nursing. August 22 – 26 <strong>2006</strong>.Giske, T."How to write up and relate a geounded theory to the professional body of knowledge."Grounded Theory Seminar, with Barey Glaser, April 25 – 26, <strong>2006</strong>, London, UK.Giske, T."Waiting for a diagnosis – patients in hospital going through medical investigation."EANS summer School Program for Doctoral Studies. University of Maastricht June 19 – 23 <strong>2006</strong>.Klinisk forskning - Nursing

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!