11.07.2015 Views

Faglig rapport 2005 - Helse Vest

Faglig rapport 2005 - Helse Vest

Faglig rapport 2005 - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Forskningsprosjekt 911229:Meistring av livet med KOLSProsjektansvarlig: Anne-Grethe Halding (anne.halding@hisf.no), Høgskulen i Sogn og FjordanePasientar sine erfaringar frå livet med KOLS og frå rehabiliteringKronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) er eit aukande helseproblem, og rehabiliteringer eit viktig tilbod til pasientgruppa. Men det er mangel på tilbod, og forsking har hittilikkje gitt sikre svar på kva som bør inngå i slike rehabiliteringstilbod. Djupare innsikt ipasientane sine eigne erfaringar kan truleg lære oss meir om dette.KOLS er ein kronisk sjukdom som rammer stadig fleire. Både pasientar og helsearbeidarar etterlysermeir kunnskap om sjukdommen, korleis det er å leve med den, og kva dette betyr for planlegging avhelsetenester. Det er nasjonalt og internasjonalt etablert rehabiliteringstilbod for gruppa, i Noreg inasjonale sentra og i helseforetaka. Men det er mangel på tilbod, og tiltaka er ressurskrevjande. Deter difor viktig å dokumentere korleis pasientar opplever sine behov og utbyte av eksisterande tilbod.KOLS-rehabilitering har som mål at deltakarane skal oppnå best mogeleg funksjons-og meistringsevnei kvardagen, auka livskvalitet, og reduksjon i bruk av helsetenester. Innhald og omfang varierer, menfysisk trening, psykososial støtte og opplæring har synt seg å vere viktige komponentar. Internasjonalter det ikkje fagleg semje om kva som bør inngå i eit minimumstilbod, trass i mykje forsking påområdet.Rehabilitering skal vere ein pasientsentrert aktivitet. Offentlege dokument slår fast at eit heilskaplegmenneskesyn skal ligge til grunn for rehabilitering, og medbestemming er sentralt. Ein er og i dagoppteken av at brukarar av helsetenester skal vere aktive samarbeidspartnarar i planlegging,gjennomføring og evaluering av tenestene. For å utvikle dette fagområdet er det difor viktig å forståkorleis menneske lærer å leve med ein slik kronisk sjukdom, og kva som kan hjelpe dei til dette.Studiar som gjer vitskapleg analyse av pasientar sine erfaringar frå deira kvardagsliv og frårehabilitering kan gi viktig kunnskap og betre forståing for desse faktorane.Pågåande intervjustudieDet er difor starta ein intervjustudie der eit utval pasientar som har gjennomgått rehabilitering vertintervjua om sine erfaringar frå sjukdommen og rehabiliteringa. Prosjektet starta i desember 2003.Atten pasientar som har gjennomgått eit poliklinisk rehabiliteringstilbod frå <strong>Helse</strong> Førde, på sjukehusai Førde og Florø, er no intervuja om sine erfaringar. Dei er intervjua like etter rehabiliteringa og pånytt eitt år etter avslutta rehabilitering. Det er nytta opne intervju, der dei som vert intervjua får leggevekt på det dei sjølve synes er viktig innafor det aktuelle temaet.Dei fleste intervjua er gjort i 2004 og <strong>2005</strong>, og data er enno ikkje ferdig analyserte og tolka.Informantane gir uttrykk for at dei ser det som viktig at problem rundt sjukdommen vert meir kjende,og at dei ser på rehabilitering som ein viktig og nødvendig del av det tilbodet dei har fått fråhelsevesenet.Prosjektperioden varer til 2009, og studien er grunnlag for eit doktorgradsarbeid.194

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!