11.07.2015 Views

Faglig rapport 2005 - Helse Vest

Faglig rapport 2005 - Helse Vest

Faglig rapport 2005 - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Forskerutdanning - dr.grad 911178:Livskvalitet hjå eldre kvinner med gjennomgått hjerteinfarktProsjektansvarlig: Tone Merete Norekvål (tmno@helse-bergen.no), <strong>Helse</strong> Bergen HFLivskvalitet hjå kvinner med gjennomgått hjerteinfarktKorleis opplever pasientane å ha gjennomgått livstrugande sjukdom? VedHjerteavdelingen på Haukeland Universitetssjukehus blir det gjennomført ei studie påkvinner med gjennomgått hjerteinfarkt sin opplevde livskvalitet og mestring etterheimkomst.Frå 60 års alderen er kardiovaskulære sjukdommar den største trusselen mot eldre kvinners helse.Faktisk dør fleire kvinner av hjerte-karsjukdom enn av alle kreftsjukdommar til saman. Trass i detteviser det seg å vere manglande forsking rundt kvinner på dette feltet. Resultat frå studiar gjorthovudsakleg på menn har vist seg også å bli generalisert til kvinner. Denne studien har derforkvinnehelse som fokus.Dei tradisjonelle sjukelegheits- og dødelegheitsmål kan synast utilstrekkelege når helsetilstanden skalbeskrivast. Ved å gjere bruk av pasienterfaringar i form av livskvalitetsforsking vil vi kunne utfylledette bilete. Denne studien baserer seg på eigenvurdert helse og livskvalitet etter hjerteinfarkt somkomplementert til tradisjonelle biomedisinske mål. Studiar har vist at helsepersonell og pårørande sinvurdering ikkje nødvendigvis stemmer overeins med slik pasienten ser det. At vi også tek innpasientens perspektiv i vår kliniske praksis blir derfor av største viktigheit.Studien bygger på pasienterfaringar frå eldre kvinner som har gjennomgått ein livstrugande sjukdom;hjerteinfarkt. Studien er todelt der vi ved hjelp av spørjeskjema og intervju søkjer kunnskap ompasientens perspektiv på eiga helse og livskvalitet, samt innverknad av levevanar, symptom og andrekonsekvensar av infarktet. Desse resultata blir også samanlikna med <strong>rapport</strong>ert livskvalitet hjånormalbefolkninga. Korleis ei positiv livsinnstilling og mestring kan ha innverknad på helsa er ogsåfokus for studien. Negative tankar og nedstemtheit sin effekt på kropp og sjukdomsforløp kan vere avstor klinisk tyding. Korleis ei positiv livsinnstilling, og evne til å mobilisere mestringsressursar, verkarinn kan imidlertid vere av minst like stor interesse.Vi ser ein reduksjon i liggetida etter gjennomgått hjerteinfarkt dei seinare åra. Dette representererstore utfordringar både for pasient, pårørande og helsepersonell. Pasientens rett til informasjon oghelsepersonell sin plikt til å gi denne informasjonen er tydeleggjort i lovverket. Dette framtvingarbehovet for eit strukturert opplegg, men har vi kunnskap nok om korleis pasientane opplever sinsituasjon etter livstrugande sjukdom til å kunne tilpasse opplegga mest mogeleg hensiktsmessig?Prosjektet vil bidra til å sette søkjelys mot hjerteinfarkt som den største trusselen mot helsa til eldrekvinner, samt fokusere på korleis kvinnene sjølv, pårørande og vi som helsepersonell kan handteredette. Hovudmålet er å kunne bidra til auka kunnskap om kvinner sin opplevde livssituasjon etterhjerteinfarkt. Vidare at denne kunnskapen, basert på forskingsdata frå kvinner, skal kunne bidra til eibetra oppfølging.2 vitenskapelige artikler er publisert i <strong>2005</strong> (PubMed registrert):Moons P, Norekvål TM"Is sense of coherence a pathway for improving the quality of life of patientswho grow up with chronic diseases? A hypothesis."Eur J Cardiovasc Nurs. <strong>2005</strong>PMID: 16298552Norekvål TM, Fålun N, Alm C"Cardiovascular nursing in Norway--on the move."302

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!