13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

overgangen mellom dei er naturleg og integrert i eitt stort verk. Her eksisterar det ikkje noka

framstilling av Paradis, i staden er temaet Dødens Triumf framstilt både i Pisa og Sta Croce

som ein del av freskosyklusen. Det autonome helvetet sublimerast i Strozzikapellet og San

Gimignano. Her har Dommedag, Paradis og Helvete fått kvar si store veggflate, og både

Paradis og Helvete er større enn sjølve Dommen i sentrum. Som vi ser endrast desse

framstillingsmåtane nokolunde kronologisk. Denne utviklinga har samanheng med

framveksten av Helvete framstilt som spesifikk stad, som Jérome Baschet gjer greie for, og

som er nemnt i kap.2.1 i denne oppgåva 460 . Helvete som spesifikk stad inneber også

framveksten av helvetesframstillinga som eit autonomt monumentalt visuelt tema, og

reflekterar ei utvikling frå ei vektlegging av Dommen som universelt omgrep, til vekt på

konsekvensane av han for det enkelte mennesket.

Monumentaliteten til Satan er eit ledd i det same utviklingsaspektet. Både storleiken og dei

dyriske trekka hjå Satan aukar kronologisk i denne perioden, særleg om ein skal bruke

dommedagsframstillingane i San’Angelo in Formis og Torcello som samanlikningsgrunnlag.

Dess større, villare og grådigare Satan framstår, dess meir ruvande monumental er han, og

dess viktigare som Helvetes prins. Særleg i Pisa er Lucifers monumentalitet konstituert av

storleiken og villskapen hans. Han er allstadsnærverande. Kvar djevel er hans hjelpar, og kvar

individuelle pine er slik forårsaka av Satan, som fullstendig personifikasjon av det vonde.

Også andre element konstituerar Satans monumentalitet. Ein av dei viktigaste er at han er

plassert i sentrum av Helvete i alle verka. Inspirert av Dante framstillast Lucifer i

Strozzikapellet og i Sta Croce saman med tre kjemper. Desse syner storleiken til Satan, ved at

sjølv desse figurane, som er så mykje større enn mennesket, blir små og hjelpelause i

samanlikning med Satan. Saman dannar kjempene og Lucifer ei monumental og overveldande

visuell gruppe.

Plasseringa og scenografien til verket har også innverknad på den monumentale funksjonen

det har: Måten verket presenterast for betraktaren på i høve til omliggjande verk, interiør og

ljosforhold, og funksjonen til plasseringa av det, er retoriske grep for at eit bodskap skal nå

fram. Som nemnt er dei fleste verka plassert på stader som har ein offentleg funksjon. I følgje

Borsook tente dei store dekorerte veggane i kapell og kyrkjer som tause preiker – dramatiske,

store, og difor lette å følgje og forstå. Medlemmane av malarlauget i Siena uttrykte at dei

460 Baschet, 1993, s. 194 og s. 201

105

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!