13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

posisjon 64 . I martyrframstillingane verkar motivet som ein enkel allegori over det gode og det

vonde i kosmisk kamp, der offeret er det gode. I kunstverka i denne oppgåva ser vi da heller

ingen bli halshogde på denne måten, då det er syndarar som blir framstilt, og ikkje martyrar 65 .

Henging var ein mykje bruka avrettingsmetode som kriminelle frå lågare klasser måtte lide,

dessutan var det ei straff som vart påført folk som kom utanfrå og forstyrra offentleg fred. I

desse bysamfunna var freden skjør, det var både internt og eksternt press. Det var såleis lite

toleranse for ”unormale” eller framande element, då første bod for å oppretthalde likevekta i

samfunnet var samhald 66 . Eit ledd i å oppnå dette samhaldet var det offentlege aspektet ved

straffa. Ved å vise byen; massen og borgarane korleis det gjekk med kriminelle, viste ein dei

to ting: at det kom til å gå likeeins med dei sjølve om dei våga å sette seg i mot lova. Men

kanskje viktigare enn skremselspropagandaen var det ”sjølvforherligande” aspektet, nemleg

kombinasjonen av syndebukk-elementet, som fritar andre for skuld og gjer tilskodaren på eit

vis opphøgd og ”betre enn”, og av medynken som er uunngåeleg i ein slik betraktarstilling.

Medynken gjer ein også opphøgd. Gruppevis vil ein slå seg saman om kombinasjonen å

tykkje synd i, og å vere letta over å bli kvitt eit plageånd. Inntrykket er såpass sterkt at ein kan

sjå bort ifrå mindre konfliktar, og konsentrere seg om å verne om einannan og samfunnet og

freden og livet 67 .

Det visuelle aspektet ved ei henging må vere ganske uttrykksfullt. Som vi skal sjå var det

vanleg med ein galgekonstruksjon som tillèt henging av fleire enn ein om gongen. I tillegg var

det vanleg at den fordømte vart frakta frå ei open kjerre gjennom ei fast rute i byen til ein kom

til avrettingsstaden. I Firenze vart staden kalla ”Pratello della Giustizia”

(Rettferdighetsenga). På vegen var det også ofte vanleg at den dømte vart brent av

raudglødande tenger varma i trekol i eit fyrfat i kjerra. Dette heitte at fangen blei

”attanagliato” 68 . Desse spektakulære elementa: at fangane vart frakta til å visast fram for

byen, at dei gjennomgjekk tortur før dei gjekk i døden, og at det til slutt hang fleire dømte

kroppar og dingla i galgen, må ha vore groteske drama, som skapt for ein tilskodarskare. Det

er rimeleg å vente at kunstnaren nytta dei formene for straff og tortur han kjente til når han

63 Edgerton, 1985, s. 132

64 Edgerton, 1985, s. 148

65 Mellom anna i Helvete Pisa er det fleire som er hovudlause (fig.***). Desse representerar blindskap, og kjetteri

representerar igjen blindskap. Dei hovudlause i Pisa er truleg kjettarar, og har såleis lite med det offentlege

avrettingssystemet å gjere.

66 Edgerton, 1985, s. 129

67 Edgerton, 1985, s. 129

68 Edgerton, 1985, s. 141

23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!