13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

heile vestens gotikk. Den same transformasjonen føregjekk i Italia 627 . I Giottos freskar i Assisi

finst eit av dei første eksempla på demonar med flaggermusvenger, i Baptisteriet i Firenze er

eit anna eksempel (fig. 8) 628 .

Flaggermusvengene i dei aktuelle verka kan ha fleire umiddelbare førebilete. Dei kan kome

frå Dantes skildring av Lucifer 629 , men som Wilkins og Lorenzi peiker på er dei representert

allereie i Baptisteriet, som vart laga før Dante skreiv Inferno 630 . Satanfiguren har ikkje venger

i dette verket, men heilt til venstre i Helvete står det ein mørkeblå djevel med

flaggermusvenger som er mykje større enn dei andre djevlane (fig. 8). Det er svært

sannsynleg at Dante sett denne helvetesframstillinga, og han kan lett ha vorte inspirert av den

store djevelen i skildringa av Satan. I bysantinsk dommedagstradisjon finn vi ikkje

flaggermusvenger i det heile tatt. A. M. Giusti meiner at kunstnarane av mosaikken i

Baptisteriet kan ha vore inspirert av fransk-gotisk kunst, og han kan såleis ha fått inspirasjon

til flaggermusvengene derifrå 631 .

Draken, ein av djevelens inkarnasjonar, fekk flaggermusvenger i same perioden som djevlane,

også frå Kina. I den romanske kunsten er draken ein slange utan venger eller bein, eller ein

fugl med øglehale. I den gotiske kunsten har han flaggermusvenger 632 . Draken er framstilt i

fleire av dei aktuelle verka. Fleire av drakane i Baptisteriet og i Padova er hybridar mellom

slangar og øgler og held seg i så måte mest til den romanske tradisjonen for drakar. Det er

berre i Orvieto han har fått venger (fig. 24), noko som kan ha samband med den franske

påverknaden verket kan ha hatt 633 . Draken representerte i fleire kulturar ein stad utanfor

verda, utan orden eller form. Frå mellomalderdikting kjenner ein draken som

hovudmotstandaren til riddarane, og han representerar nærmast føresetnadene for heltens

eksistens som helt.

Geita

Ein av dei viktige eigenskapane til Satan i dei ulike kunstverka eg tek for meg er at det er eit

beist, det vil seie eit vesen som er ein hybrid mellom menneske og ulike dyr. Utanom i

627 J. Baltrusaîtis, Le moyen age fantastique, Paris, 1955, s. 152; J. B. Russell, Lucifer. The Devil in the Middle Ages, Ithaca

& London, 1988, s. 132

628 Lorenzo Lorenzi, Devils in Art, Firenze, 1994, s. 124

629 Dante: Helvete, 1999, song 34, vers 28-68, s. 189-190

630 Wilkins, 1927, s. 8; Lorenzi, 1997, s. 49

631 Paolucci (red.), 1994, s. 525

632 J. Baltrusaîtis, Le moyen age fantastique, Paris, 1955, s. 152 og 183

633 Sjå kap. 3.4

141

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!