13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

fleire av sine politiske fiendar i diktet. Den guelfiske svikaren Bocca degli Abbati er ein av

dei. Han sit fastfrose i isen Kokytos, og Dante nyttar høvet til å skjelle han ut 512 . Bocca er

også moglegvis framstilt i Sta Croces Helvete, i den inste krinsen ved Lucifer, slik som i

Divina Comedia. Eit politisk standpunkt vert manifestert ved skildringa av politiske fiendar i

Helvete. Dette er ein individualisert propaganda, utan universelle symbol, men ei

personfokusering spesifisert gjennom fordømming av enkeltpersonar.

Den siste gruppa av kjente personar i Helvete, geistlege og vendslege maktpersonar angitt ved

attributt, representerer den guddommelege rettferd. Gruppa er representert i alle verka utanom

Orvieto, som heller ikkje har andre kjente personar i Helvete. I Padova representerast simoni

ved ein biskop som sel avlat på kanten av ein avgrunn (fig. 19). Ein munk i San Gimignano

vert straffa for fråtseri (fig. 47), og blant dei fordømte i Strozzikapellet er det både

handelsmenn, adelsmenn, adelskvinner, biskopar, kardinal og offentlege tenestemenn (fig.

38). Dette er somme av mange eksempel. Særleg vert geistlege ofte straffa for gjerrigskap,

åger, fråtseri og simoni, fordi dette var freistingar dei var særleg utsette for.

Framstillinga av desse reflekterar ei oppfatning av at desse syndene var utbreidde problem, og

appellerar til folkets frustrasjon over misbruk av makt. Plassering av maktpersonar i Helvete

signaliserar såleis den enkle visdommen at sjølv om livet på jorda er urettvist, vil dei

rettferdiges løn manifesterast i Himmelen. Dei som er fattige i denne verda kan bli dei rike i

etterverda, og omvendt. Ein kardinal er ikkje betre stilt ved Dommen enn ein vanleg mann,

han vert like fullt straffa i Helvete om han ikkje lever livet etter Guds bod.

Denne appellen, basert på Matteusevangeliet og den kristne nestekjærleiken, var nok intendert

som ein skremsel for dei rike, men særleg som ein trøyst for dei fattige 513 . Det er eit enkelt

bodskap, og propagandaen er spesielt retta mot eit folk som ikkje hadde innsikt i korkje

filosofi eller teologi, og kanskje ikkje brydde seg om nyansane i den samtidige politikken. Ei

framstilling av Aristoteles gjorde kanskje ikkje særleg inntrykk på ein fattig borgar i Firenze,

medan bispar og adelege i Helvete må ha markert rettferdsaspektet ved kristendommen for dei

på ein klar måte. Desse personane er framstilt som representantar for stender og profesjonar,

og er såleis meir representative typar enn individuelle personar. Samstundes rettar dei seg mot

512 Dante: Helvetet, 1999, song 32, vers 79-139, s. 180-182

513 Matt 19:23: ”Då sa Jesus til læresveinane: Sanneleg, det seier eg dykk: Det er vanskeleg for ein rik å koma inn i

himmelriket"

116

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!