13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

i høveleg kontrast til dei ordna forholda ved Kristi høgre hand. Men figurane i Helvete er så

grovt framstilt at ein vanlegvis ikkje trur Giotto har hatt noka del i utføringa av dei 264 .

Somme av sjelene vert dregne av garde av djevlar, og kjem til Helvete ved å følgje arkaden

over inngangsdøra, eller dei vert kasta inn i Helvete av djevlar ved steinane på venstre sida i

biletet. Andre vert dregne av garde langs straumen av eld medan dei vert torturert av djevlar.

Eldelva deler seg i fire og forgreinar seg utover i Helvete som er definert av eit steinete

raudaktig landskap. Til venstre ser vi Judas som er hengt, identifisert ved at magen er spretta

opp så innvolane fell ut (fig. 21). I følgje Ursula Schlegel er dette ei klassisk straffeskildring

av Judas som erkekjettaren 265 . Den hengande figuren Judas har ein prominent plass også i

Baptisteriet der han har magen intakt, men er identifisert ved den einaste inskripsjonen som

finst i dette Helvetet (fig. 9). Ved sidan av og litt over heng tre andre figurar, ein gong

identifisert ved ein no uleseleg inskripsjon. Vidare til høgre er ei øydelagt sone. Til høgre for

denne står ein mann festa til to pålar, medan to djevlar sagar hovudet hans vertikalt opp i to.

Av dei mest særmerkte scenene i maleriet er ein syndar som vert spidda frå munnen til anus

og stekt, nett som i Baptisteriet. Spiddet heng på eit stativ, og ein demon passar på å snu han.

Dette går føre seg ovanfor Satan, litt til høgre i framstillinga (fig. 20). På same nivå og vidare

til høgre finn vi ei gruppe på fire syndarar som er hengte; ein i halsen, ei i håret, og to i

kjønnsorgana. Dei to siste er ei kvinne og ein mann som er snudd mot einannan. I følgje

Baschet er dette eit teikn på at dei var delaktige i lagnaden til kvarandre 266 . Rett nedanfor den

spidda syndaren sit ein djevel på huk over ei kvinne, og tømmer væske frå ei skei over fjeset

hennar. Nedanfor henne igjen grip ein djevel fatt i genitalia til ein munk, klar til å kutte dei av.

Til høgre for desse og nedanfor dei fire hengande sjelene, ser vi ei scene som truleg skal

representere prostitusjon eller utukt. Ein mann med ein pengepung i handa nærmar seg ei

kvinne som tar imot pungen. Mannen får ryggen flenga opp av ein demon med eit greip, og

ein drake eller vasslange har satt seg fast på ryggen til kvinna.

Dei fordømte vert kasta ned i brunnar eller avgrunnar nedst i biletet. På kvar side av klørne til

Satan er det to slike hol i steinlandskapet, og dei fordømte vert dynga saman oppi. Mange av

264 Gilbert Creighton, “Giotto”, The Dictionary of Art, (red. Jane Turner), XII, 1996, s. 690

265 James H. Stubblebine, (red.), Giotto: The Arena Chapel Frescoes: Ursula Schlegel, "On the Picture Program of the Arena

Chapel", New York & London, 1969, s. 186-187 og note 18

266 Jérôme Baschet, Les Justices de l'au-delà: les représentations de l'enfer en France et en Italie (XIIe- Xve siècle), École

Francaise de Rome, Palais Farnèse, 1993, s. 623

63

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!