13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Preikestolen til Nicola Pisano i Baptisteriet i Pisa, ferdig 1260

Det første nye ved dommedagsframstillinga på preikestolen til Nicola i Pisa er at det i det

heile tatt er ei dommedagsframstilling der. Både Krossfestinga og Dommedag er nye motiv på

preikestolar i høve til toskansk tradisjon for desse 233 . I tillegg er forma på stolen spesiell. I

motsetnad til tradisjonelle toskanske preikestolar som er rektangulære, er denne sekskanta. Ei

av sidene er inngangen til stolen, dei andre fem sidene har relieff med narrativ som inneheld

følgjande motiv: scener frå Kristi liv, tilbedinga av dei tre vise menn, presentasjonen i

Tempelet, Krossfestinga, og til slutt Dommedag (fig. 11) 234 . Mellom scenene er klynger av tre

søyler, som markerar hjørna og skiljet mellom motiva.

Dommedagsframstillinga viser eit stort tal figurar, fleire enn i dei andre scenene, noko som

inneber ei minsking i storleiken på figurane. Kristus dommaren tronar sittande i midten, med

glorie om hovudet. Han er den største av figurane i relieffet. Venstre handa er borte, men

armen er vendt nedover i ei fordømmande gest. Høgre armen er vendt opp og ut i ei

velsignande gest vendt mot dei salige. Kroppen er lett vendt mot dei salige ved hans høgre

side, men er i hovudsak i frontal posisjon med blikket vendt rett fram mot betraktaren. Han er

omgitt av englar, evangelistsymbol, Maria og Johannes Døyparen 235 . Apostlane, som

tradisjonelt står på kvar side av Kristus, er her samla på høgre sida hans i dei øvste rekkjene,

saman med dei salige. Under føtene til Kristus er krossen, som to erkeenglar står og held.

Langs heile den nedre kanten står sjeler opp frå gravane sine. Desse figurane viser, i følgje

Poeschke, Pisanos kjennskap til aktfigurar i antikke sarkofagar 236 .

Helvete og dei fordømte er til høgre i framstillinga. Øvst ser vi dei fordømte bli skuvd ned i

Helvete av englar. Kampen mellom desse, og motstanden dei fordømte gjer, er svært

dramatisk og naturalistisk framstilt. Djevlane liknar menneske, men med hårete fjes, krøllete

hår og skjegg. Satanfiguren er plassert nedst til høgre i biletet. Han er vridd litt mot venstre,

men fjeset og torsoen er frontal. Han har noko i fanget som kan sjå ut som ein menneskeleg

figur. Det kan vere Antikrist, eller Judas som begge er nært knytt til satanfiguren i fleire av

framstillingane. På leggene er det geiteragg, og føtene er klør. Han har eit rynkete og fælt

ansikt med stor nase og krøllete skjegg. Frå hovudet hans veks slangar. Ved sidan av Satan er

det eit enormt drakegap som sluker ein syndar. Dette gapet liknar tradisjonelle

233 Moskowitz, 2001, s. 26

234 Moskowitz, 2001, s. 26

235 Poeschke, 2000, s. 67

54

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!