13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

3.3 Arenakapellet i Padova, Giotto di Bondone, ca. 1305

I ca. 1303-1306 dekorerte Giotto heile interiøret i Arenakapellet i Padova for oppdragsgivaren

Enrico Scrovegni. Dette er den mest fullstendige freskesyklusen som finst av Giotto di

Bondone 249 . Dommedagsscena dekkjer heile vestveggen i kapellet, og baserar seg på det

tradisjonelle gotiske skjemaet for denne framstillinga (fig. 18). Det er ganske rigid og

skjematisk for å vere malt av Giotto, figurane manglar noko av den mellommenneskelege

kontakten og generelle empatien som er typisk for kunstnaren, og tydeleg i dei narrative

scenene i resten av kapellet. Likevel gjev han nytt liv til skjemaet: Fresken er ikkje delt inn i

register, men podiet som apostlane er plassert på deler verket inn i to parti, og figurane

handlar innanfor eit ideelt arkitektonisk rom. Slik er det hierarkiske skiljet mellom apostlane,

englane og helgenane bevart men oppmjuka, slik at scenen står fram som ein heilskap der

kvar figur har betydning for dei andre.

Heilskapen reflekterast også i resten av kapellet. Gjennom fiktiv arkitektur er maleriet sameint

med den eksisterande strukturen i kapellet. Internt i maleria har kvart motiv betydning for dei

andre. Særleg viktig for dommedagsframstillinga er radene med personifikasjonar av dei 7

dygdene og dei 7 lastene som går langs kvar langvegg. Dei 7 dygdene klokskap, styrke,

måtehold, rettferd, tru, gavmildhet og håp går frå alteret til paradissida av

dommedagsframstillinga. Dei 7 lastene dumhet, inkonsekvens, sinne, urett, vantru,

avundsjuke og desperasjon går mot helvetessida. Riess har kommentert dei visuelle

parallellane mellom Justitia (rettferd) og Kristus Dommaren i form av positur og gestar, og

viser også at den hengte sjølvmordaren Desperasjon er ein parallell til den hengte figuren

Judas i Helvete 250 . Desse aspekta gjev verket meining utover seg sjølv som

dommedagsframstilling, men det er diverre ikkje anledning til å gå nærar inn på dette poenget

her.

Det er brei semje om at freskane er malt av Giotto, og sannsynlegvis mellom 1303 og 1306.

Dette er basert på følgjande dokumantariske bevis: I mars 1302 fekk Enrico Scrovegni

fullmakt til å byggje kapellet. I mars 1303 var kapellet tileigna Santa Maria Annunziata, i

mars 1304 gav Pave Benedict XI absolusjon til dei som besøkte ”Santa Maria del Carità de

249 Om datering av kapellet og dekorasjonane der: James H. Stubblebine (red.), Giotto: The Arena Chapel Frescoes, New

York & London, 1969, s.72-74; Gilbert Creighton, “Giotto”, The Dictionary of Art, (red. Jane Turner), XII, 1996, s. 688; og

Robert H. Rough, “Enrico Scrovegni, the Cavalieri Gaudenti, and the Arena Chapel in Padua”, Art Bulletin, 62, 1980, s. 24-

35

250 Jonathan B. Riess, ” Justice and Common Good in Giotto’ s Arena Chapel frescoes”, Arte Cristiana, 72, 1984, s. 70

60

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!