13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

mistak. Det var eigentleg smeden Stephen som skulle dit. Slik blei forretningsmannen sendt

tilbake til livet att, og kunne fortelje om etter-døden opplevinga si. Slike historier trekk

etterverda nærare lesaren (eller tilhøyraren). Det signaliserar at syner ikkje er reservert dei

heilage, og at ein sjølv kan oppleva det same. Gregor insisterar samtidig på det teologiske ved

anekdotane, og hevdar at desse hendingane ikkje er tilfeldige slik det kan synast, men er meint

som ei åtvaring:”… a careful consideration will reveal that it was not an error, but a warning.

In His unbounded mercy, the good God allows some souls to return to their bodies after death,

so that the sight of hell might at last teach them to fear the eternal punishment if not words

alone.” 515 . Gjennom å transformera folkloristiske historier til religiøs instruksjon, oppnår han

såleis eit didaktisk føremål 516 . Det vert skapt ei nærare tilknyting mellom enkeltindividet og

Dommen. Anekdotane kan ha ført til ei identifisering slik at folk tok både truslane om pina og

lovnadene om sæla meir på alvor. I høve til biletkunsten kan ein sjå historiene til Pave Gregor

som eit frampeik mot dei individualiserte framstillingane av fordømte som oppstår på 12-

1300-talet.

4.2 Faunaen i Helvete

Faunaen i Helvete er vanskeleg å gjere systematisk greie for, då dei fleste dyra både i desse

verka og i mytologiene oftast er samansatt av fleire ulike dyr. Framgangsmåten eg nyttar i

dette kapitlet er å ta utgangspunkt i dei dyra som finst i verka, forsøke å kategorisere dei etter

kva dyr det er mest likt, og til slutt å gje eit oversyn over den viktigaste historia, eller ”dyreloren”

til dette vesenet.

Fuglar

I Strozzikapellet flyg det fuglar med menneskeansikt rundt blant sjølvmordarane (fig. 34).

Desse er basert på Dantes Inferno slik resten av verket er, der fabelfuglane Harpyar, med

”mannehals og manneåsyn” plagar sjølvmordarane 517 . I Peters apokalypse les vi om

kjøtetande fuglar som eter dei som synder med lett hjarta, er ulydige mot foreldra sine og

ikkje ærer dei som er eldre enn seg, vert etne på av kjøtetande fuglar 518 . Harpyane i gresk

antikk finst i Homer som stormens guddinner. I Vergils Aeniden er dei plassert ved inngangen

i underverda og har same funksjon som Erinyene i Dantes Helvete 519 . Erinyene er også greske

515 St. Gregory, Dialogues, IV, 37, 1983, s. 237

516 Zaleski, 1987, s. 29

517 Dante: Helvetet, 1999, song 13, vers 13, s. 138

518 James, 1924, s. 517, (“Apocalypse of Peter”, “The ethiopic fragment”)

519 Heinz Mode, Fabulous beasts and demons, London, 1974, s. 102

118

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!