13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Djevelen 639 . Både Pan, satyren og Dionysos har såleis mange både attributt og konnotasjonar

til felles med geita, og i mellomalderen vart dei alle identifiserte med djevelen.

Bloomfield meiner det ikkje er noka tvil om at horna og halen til djevelen stammar mellom

anna frå den klassiske satyren 640 . Han kritiserar R. Lowe Thomson som meiner at den

mellomalderske djevelen kan tilbakeførast til overlevinga av ein gamal gud i vesten med horn.

Bloomfield argumenterar med at både persiske, semittiske, kristne og koptiske djevlar frå

tidlege hundreår har horn og halar, og alle har eit felles referansepunkt, nemleg den klassiske

satyren, og demonisering og synd-assosiering av dyr 641 . Geita som symbol på fruktbarheit

gjekk i kristendommen over til å symbolisere vellyst, lettsinn og styrløyse, altså manglande

måtehald. Måtehald kjenner vi som ein av mellomalderens viktigaste dygder, og har

motsetnad i fleire lastar, særleg fråtseri og vellyst. Såleis symboliserar geita det lastefulle ved

mennesket, dei ukjente, irrasjonelle kreftene i mennesket som ein forsøkte å kontrollere.

Villmannen (homo selvaticus)

Villmannen er eit vesen av reint mytisk karakter med opphav i mellomalderens dikting og

visuelle kunst. Der finst enkelte beist, halvgudar og mennesketypar frå eldre tider som kan

seiast å føregripe han i tid, f. eks. figuren Enkidu i eposet Gilgamesh, og satyrar og faunar 642 .

Men førestillinga om villmannen slik han kan ha hatt innverknad på djevel- og

satanframstillingar høyrer mellomalderen til, og særleg det 14. hundreåret 643 . Villmannen var

personifiseringa av det siviliserte menneskets abstrakte antitese til sivilisasjonen. Han hadde

både pedagogiske og moralske funksjonar. Han var kjent for å kidnappe barn og unge

jomfruer, og tente som skremselspropaganda i oppdragingssamanheng 644 . Han representerte

motstykket til eit moralsk og medvitent liv, då han var så vill at han ikkje kunne kjenne til

Guds ord 645 . Kaos, galskap og gudløyse var av dei viktigaste fobiane i det mellomalderske

samfunnet. Desse var sublimert i villmannens eigenskapar, og slik var han tilpassa det

samfunnet han tilhøyrde ved å inkarnere eit motstykke til det 646 . Villmannen var i ei

mellomstilling mellom dyreverda og menneskeverda, og representerar såleis eit vrengebilete

på det som er kjent; dei lågareståande eigenskapane hjå mennesket sjølv. Kroppen til

639 R. Hughes, Heaven and Hell in Western Art, London, 1968, s. 242

640 M. W. Bloomfield, The seven deadly sins, Michigan, 1952, s. 28

641 M. W. Bloomfield, The seven deadly sins, Michigan, 1952, s. 28

642 Richard Bernheimer, Wild Men in the Middle Ages, Cambridge, 1952, s. 3; Timothy Husband, The Wild Man: Medieval

Myth and Symbolism, New York, 1980, s. 10-11

643 Bernheimer, 1952, s. 22

644 Bernheimer, 1952, s. 125-126

645 Bernheimer, 1952, s. 12

646 Husband, 1980, s. 5

143

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!