13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Dei rasande finn vi i det tredje registret på venstre side av Satan 315 . Desse syndarane krafsar

på og riv i kvarandre, bit seg sjølve i hendene, og vert kvelte av slangar. Nede til venstre sit to

kvinner og riv i kvarandre, ho til høgre hyler og gapar høgt og det renn blod ut av munnen

hennar. I midten av feltet er ein mann med armane heva opp føre seg, og ser ut til å rive og

slite i seg sjølv. Denne syndaren lar raseriet gå utover seg sjølv, og er saman med dei som bit

seg sjølv i handa (her og blant dei fordømte i Dommedag) eksempel på sjølvskade som vi

tidlegare har sett i Torcello og Baptisteriet i Firenze. To sjøvmordarar, ein mann og ei kvinne,

er hengte i krokar i halsen over til høgre i biletet. I følgje Dodge er det mogleg at den

mannlege sjølvmordaren er Pilatus, på grunnlag av inskripsjonar som no er tapte, men som

kan sporast på eit fotografi av verket frå før 2. verdskrig 316 .

Fråtsarane finn vi i sirkelen til høgre 317 . Syndarane er plasserte omkring eit bord spekka med

delikatesser som dei ikkje får lov til å forsyne seg av. Ein gulgrøn djevel står bak ei av

kvinnene ved bordet, og klorer henne på brystene så blodet renn. Til venstre i feltet skimtar vi

to nakne syndarar, mykje større enn alle dei andre, med hendene bakbundne og torturerte av

ein djevel med høygaffel. Dei gapar av smerte medan dette skjer. Nedst i feltet ligg ein syndar

på bakken og vert tvinga til å ete ekskrementa til ein djevel 318 .

Havesjuke er synda illustrert nedst til venstre 319 . Til høgre vert dei gjerrige torturert: tungene

deira er dratt ut av munnen med tang, flytande gull hellast inn i munnen på ein syndar, og ein

syndar vert sagd i to av djevlar.

Nedst til høgre finn vi dei vellystige som vert plaga og piska av djevlar. Her er mellom anna

ein syndar som ligg heilt forvridd, og samanknytt på hender og føter av slangar, og vert

spidda horisontalt medan ein annan syndar støttar han med tennene (fig. 29). Ein djevel raker i

elden for å grille han. Desse er truleg sodomittar, og vi gjenkjenner scenen både frå

mosaikken i San Giovanni og Giottos freske i Padova. Han som er spidda har ein narrehatt på

hovudet. Bak denne scenen er ei kvinne, også med narrehatt, torturert av slangar og djevlar.

Satan (fig. 26)

315 Manglar illustrasjon, sjå fig. 25

316 Dodge, 1978, s. 135, note 96

317 Manglar illustrasjon, sjå fig. 25

318 Lorenzi, 1997, s. 38; og Dodge, 1978, s. .95

319 Manglar illustrasjon, sjå fig. 25

74

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!