13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

satanfiguren; i ein del tidlegare helvetesframstillingar er satanfiguren heilt erstatta av eit

vidopent helvetesgap, eventuelt er dette gapet Satan sjølv 555 .

I løpet av 1100-talet utvikla det seg ein type framstilling av Leviatan i porten av Helvete, der

kroppen ikkje er framstilt (fig. 55) 556 . Schmidt meiner dette kan tyde at alt som foregår bak

porten er inni kroppen til Leviatan, eller det kan innebere ei vektlegging av Leviatan som eit

fortærande vesen. I alle tilfelle har Leviatan her blitt til ein ny måte å illustrere den dyriske

helvetesmunnen på 557 . Schmidt påpeiker at ei slik identifisering av Leviatan med porten til

Helvete vart vanleg seinare i mellomalderen, og er truleg opphavet til framstillinga av desse to

gapa 558 . Gapet i Pisa har truleg ikkje funksjon som inngang til Helvete då det ikkje er plassert

der dei fordømte kjem inn. Likevel byggjer det på motivet med den vidopne munnen, og har

den viktigaste eigenskapen til Leviatan og draken: Det sluker syndarar og spyr eld. Gapet i

San Gimignano kan som sagt også ha inngangsfunksjonen i behold, og har elles dei same

funksjonane som det i Pisa 559 .

Schmidt har analysert den ikonografiske utviklinga til biletet av helvetesmunnen, og viser at

det i utgangspunktet er fire ulike motiv som har bestemt utviklinga av framtoninga til den,

heilt fram til renessansen:

- Helvete framstilt som ein avgrunn som svelgjer den ugudelege,

- Satan framstilt som ein løve som fortærer syndarar (jamfør 1Peter 5:8),

- Satan framstilt som ein drake som spyttar helvetesflammar, og

- sjøuhyret Leviatan. 560

Vidare viser han at dei tidlegaste helvetesmunnane viser dominerande påverknad frå eit av

desse fire bileta, medan seinare helvetesmunnar blanda dei, ved å bruke element frå kvar for å

oppnå ulike effektar. Så langt har vi sett eksempel på den dyriske og animerte

helvetesmunnen, representert ved drakar eller Leviatan i Pisa og San Gimignano.

Helvetesmunnen som spesifikk stad; den ikkje-levande avgrunnen

Helvetesmunnen framstilt som ein avgrunn utviklar seg frå å vere ein ikkje-levande stad, til å

bli eit meir animert bilete først med svelg, deretter med kjevar 561 . Vi har ikkje noko eksempel

555 Eksempler på dette i Gary D. Schmidt, The iconography of the mouth of Hell, London, 1995, særleg s. 13-60

556 For eksempel tympanon på vestdøra i klostret Conques-en-Rouergue, frå slutten av 1100-talet: sjå også Gary D. Schmidt,

The iconography of the mouth of Hell, London, 1995, s. 45-46, og note 38 s. 196 for relevant bibliografi.

557 Gary D. Schmidt, The iconography of the mouth of Hell, London, 1995, s. 45-46

558 Schmidt, 1995, s. 46

559 Baschet, 1993, s. 639

560 Schmidt, 1995, s. 32

125

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!