13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

som førte ein antipaveleg propaganda basert på muhammedanaren Averroes’ lære 313 .

Muhammed kvelast av ein slange som er vikla om halsen hans, samstundes som ein djevel

dreg han mot helvetesgapet og nyttar slangen som taug. Nedanfor ligg ein mann utstrekt på

ryggen med inskripsjonen ATIXRO (”Antikrist”), og vert riven i bitar av djevlar. Til venstre i

denne scenen kuttar ein djevel opp magen på ein syndar med ein øydelagt inskripsjon som

byrjar på S. Dersom mannen ved sidan av er motpaven må denne mannen i følgje Polzer vere

anten keisar Ludvig sjølv eller ein av hans hovudmenn. Det siste er mest sannsynleg med

tanke på at inskripsjonen byrjar på S. 314 Ein anna uidentifisert syndar vert rett overfor

Muhammed kasta inn i helvetesgapet. Gapet er eit drakeaktig grønt ansikt, med ein stor og

raud munn som spyr flammar.

På venstre side av Lucifer i den andre sirkelen (ovanfrå) er dei late gruppert saman (sjå fig.

25). Syndarsjelene sit tett saman i klynger, vert bitne av slangar og mottek passivt torturen til

djevlane, dei verjer seg berre ved å dra knea oppunder seg, gøyme ansiktet, og legge armane

omkring beina medan dei vert stukke av djevlar med høygaffel. Ein djevel rir på ryggen åt ein

kvinneleg syndar, og riv henne i håret medan han plagar andre syndarar med høygaffelen sin.

På same nivå på høgre sida av Satan ser vi dei avundsjuke som er fanga i eit basseng fylt

med væske; det kan vere ein sjø av is eller blod eller eld, kvar med si litterære kjelde som eg

skal diskutere i neste del av oppgåva (fig. 30). Alle har ansikta vridde av smerte og redsle, og

dei vert torturerte av ein atletisk djevel på venstre side med høygaffel og rovfuglklo til føt.

Her er menn og kvinner, fremst i midten av biletet er ei kvinne med laust og ljost hår, med ei

krone på hovudet. Der er òg ein mann med krone lengre bak i biletet. To til tre syndarar

gøymer ansiktet i hendene, ei i forgrunnen skjermar heller blikket sitt, med den eine handa.

To syndarar (til venstre) held fingrane opp mot haka eller lippene, medan ein i forgrunnen til

høgre dekker munnen med oppsida av handa. Vi skal også sjå nærare på tydinga av gestane til

desse syndarane i diskusjonsdelen av oppgåva.

313 Polzer, 1964, s. 463; og Dodge, 1978, s. 95 (og note 95, s. 135). I følgje Lorenzi, 1997, s. 38, er dette Averroes, medan

han til venstre skal førestille Muhammed. Averroes (Ibn Rushd) (1126-98), var ein muhammedansk filosof frå Cordova. Han

var lege, filosof og politiker og stod for ein panteistisk filososfi basert på Aristoteles’ lære, med eit snev av neoplatonistiske

idéar. Teoriane hans vart kjente i det katolske Europa frå ca. 1230, og vart først ikkje anarkjent som ein fare for

kristendommen. I løpet av 1200-talet vart læra hans kritisert og fordømt, men blomstra opp att på 1300-talet. I Italia, særleg i

Padova, overlevde ”Averroismen” heilt til renessansen (F. L. Cross (red.), The Oxford Dictionary of the Christian Church,

London, 1974, s. 115-116).

314 Polzer, 1964, s. 464

73

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!