13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Garzelli understrekar at satanfiguren med tre ansikt i Baptisteriet representerar ein kontrast til

Kristi treeining, og at motivet ikkje manglar førebilete 664 . I eit eksempel frå tidleg kristen

litteratur skildrast Beelzebub med tre ansikt, som i følgje Garzelli, truleg var transponert frå

den klassiske Kerberos-figuren 665 . Pettazzoni viser at det fanst fleire gudebilete med tre hovud

i dei heidenske religionane i Europa, og somme med fire, fem og sju hovud også. Den

litterære formidlinga av konsepsjonen av desse gudane gjekk mellom anna gjennom kristne

munkar som kan ha observert somme av desse gudane under destruksjonen av dei ved den

kristne (germanske) seiaren over slavisk heidenskap på 1100-talet 666 . Den kristne bruken av

forma i framstilling av Treeininga er tømt for heidensk religiøst innhald, og er ei formal

løysing på det ikonografiske problemet å framstille den mystiske guddommelege Treeininga.

Denne tømminga av heidensk meining kan berre skje over tid, slik at det var mogleg å fylle

motivet med ei heilt ny og positivt ladd kristen meining. Framstillinga av Den heilage

treeininga med tre ansikt oppstod også seinare enn framstillinga av Djevelen med tre ansikt,

og motivet møtte stor motstand på grunn av referansane det hadde til heidensk avgudsdyrking.

Dei var vanlege frå 1300-talet og gjennom renessansen, og bannlyst i 1628 av Pave Urban

VIII 667 .

Den kristne bruken av motivet i djevelske framstillingar var mindre problematisk: den

heidenske meininga måtte ikkje då fjernast frå motivet. Innhaldet eksisterte framleis, i form av

kampen mot heidenskap og kristendommens triumf. Kierfel og Pettazoni viser at motivet vart

vidareført visuelt til kristendommen mellom anna gjennom gallisk tradisjon, og oppstod i

fransk mellomalderkunst. ”As the Gallic Cernunnos, the ”horned” god, transmitted his horns

to the devil, so the tricephalous god bequeathed to him his three heads” 668 : Ein illustrasjon til

ein fransk bibel frå slutten av 1200-talet viser ein djevel med tre ansikt innsmelta i kvarandre,

grågrøn hudfarge og klauver, som sit på ei trone og held i eit septer 669 . Bysten til ein djevel

med horn og tre ansikt finst i S. Pietro i Tuscania, og er datert så tidleg som 1100-talet 670 . Eit

664 Annarosa Garzelli, ”Per una lettura del Giudizio Universale nel Battistero di Firenze”, Romanico Padano Romanico

Europeo, (Atti del Covegno Internationale di Studi Parma 1981), Parma, 1982, s. 403

665 Garzelli, 1982, s. 403

666 R. Pettazzoni, ”The pagan origins of the three-headed representation of the Christian trinity”, JWCI, 9, 1946, s. 138

667 Pettazzoni, 1946, s. 151; Willibald Kierfel, Die dreiköpfige Gottheit, Bonn, 1948, gir ei grundig gjennomgang av dei

mytologiske opphava til motivet i andre kulturar. Frå side 147 tek han spesielt føre seg den tre-hoda guddommelege figuren i

kristen mellomalder.

668 Pettazzoni, 1946, s. 150

669 Willibald Kierfel, Die dreiköpfige Gottheit, Bonn, 1948, s. 159

670 Pettazzoni, 1946, s. 150

148

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!