13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

1200-talet som preikte for folket på deira eiga språk, og fortalde historier og anekdotar dei

kunne kjenne seg att i, for å illustrere kyrkjas lære 147 .

2.4 Visjonsdikting

Introduksjon

Med Peters og Paulus’ openbaringar utvikla det seg ein eigen sjanger for visjonsdikting,

vidareutvikla frå greske førebilete, med bestemte konvensjonar og formar. I følgje Dietrichson

er denne forma sjølvstendig og fullt utvikla frå ca. 700 148 . Visjonsdikta vi her skal sjå på er

dikt frå 1100-talet og utover, og såleis ganske seint i denne tradisjonen i høve til

openbaringane, og nærare opp til den seinmellomalderske epoken denne teksten tar føre seg.

Narrasjonane var etablerte i form, struktur og innhald, men mykje hadde også skjedd i

teologien i perioden, og fortsatte å skje. Ein veit at forfattaren av St. Patricks Purgatorium er

inspirert av bok 4 i Pave Gregor den Stores Dialogar frå 593, då han refererar til han i

føreordet til teksten 149 . Eit anna element som stammar frå St. Gregor er at visjonane opplevast

av vanlege menneske, ikkje helgenar slik Peter og Paulus var 150 . Dette er eit retorisk og

didaktisk grep som fører til at lesaren/ tilhøyraren kan identifisere seg med helten, og dette har

Tundal og St. Patricks Purgatorium tatt opp i seg. Dantes Guddommelege komedie

vidarefører dette aspektet ved ei sterk vektlegging av enkeltindivid, og ved at lesaren trengjer

inn i kjenslene og tankane til fleire personar. Dette står i motsetning til dei tidlegare

visjonsdikta, og fører til ein meir intim identifiseringsmulighet, både til eventyrar og syndar,

enn Tundal og Purgatoriet kunne oppnå. Divina Commedia er det siste viktige diktet i

tradisjonen, og ligg nærast perioden denne oppgåva omhandlar, både i tid og i geografi. Det

vart skriven på det nye folkespråket italiensk og fekk slik stor utbreiing, og desse to aspekta

gjer diktet ekstra relevant i samband med dei aktuelle kunstverka.

Visjonane, særleg Paulus’, men også Tundals og Oweins, vart skriven primært for eit lærd

publikum, og da særleg klostervesenet. Med unnatak av Divina Commedia vart dei først

nedskrivne på gresk og latin, men alle vart omsatt til mange av dei europeiske språka. Såleis

fekk dei eit breiare publikum, også blant lekfolk 151 . I tillegg vart dei mykje bruka som basis

147 C. Zaleski, Otherworld Journeys, New York & Oxford, 1987, s. 28-31

148 Jan W. Dietrichson, Tundals visjon, Oslo, 1984, s. 63

149 Owen, 1970, s. 39; Zaleski, 1987, s. 206

150 F. eks. historia om soldaten og smeden Stephen, i Saint Gregory, Dialogues, IV, 37, 1983, s. 238-241

151 T. Kren & R. S. Wieck, The Visions of Tondal, from the library of Margaret of York, Malibu, California, 1990, s. 6

37

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!