13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

desse figurane har beina i været, eller berre hovudet stikk opp. På kanten av brunnen lengst til

venstre sit ein biskop som med eine handa grev i ein pengepung han nettopp har mottatt, som

velsignar ein knelande gestleg person med andre handa. Det kommersielle ved dette

sakramentet skal illustrere synda simoni 267 . Blant dei som kjem inn til Helvete ser vi ein

korrupt dommar med lue og hermelinkåpe, og ein gjerrigknark som slit med ein sekk full av

gull over skuldra (fig. 19)

Giottos Lucifer er lys fiolett (fig. 19). I følgje Lorezi er denne satafiguren eit viktig ledd i

innføring av farger i djevelsk ikonografi, noko vi kjem inn på i kapittel 4.2 268 . Lucifer i

Arenakapellet er kraftigare enn Satan i Baptisteriet, han ser nærmast gravid ut. Han stappar i

seg syndarar. På same vis som i Baptisteriet heng beina til ein syndar ut av munnen hans,

medan han held to syndarar, klar til å ete dei, i hendene. Han sit på ein steinhaug og avførar

eller føder syndarar. Det ligg ein haug syndarar rett under han som han trør på med kloføtene

sine. Mellom beina til Lucifer ser vi ein syndar som har stappa båe hendene i munnen. Vi skal

seinare sjå nærare på denne gesten, som Barasch tolkar som eit anna teikn på desperasjon 269 . I

sitt angrep på den tradisjonelle oppfatninga om at Giotto har malt Helvete under Dante si

rettleiing, refererar Moschetti til den latinske versjonen av den irske Tundals visjon for

likskapar 270 . Mellom anna meiner han at Lucifer-figuren, med syndarfortærande drakeslangar

som stikk ut av øyro og av setet, og store kraftige horn, liknar meir på monstret Acheron i

denne visjonen enn på Satan i Dante sitt Inferno. Posituren til Lucifer i Arenakapellet er som i

Baptisteriet den til ein Antikrist: Høgre handa er løfta som i frelse og venstre handa er senka

som i fordømming. Samstundes held han ein syndar i kvar hand. Rothschild & Wilkins

poengterar at den mest slåande forskjellen mellom dei to Lucifer-figurane er at Lucifer i

Padova er meir hårete og korpulent, og at han har fått rovfuglkløar i staden for føter. Desse

trekka finn vi også hjå Lucifer i preikestolane til Niccolò og Giovanni Pisano 271 .

Greipet, eller den totagga gaffelen, for eksempel hjå djevelen som flenger opp ryggen til ein

horekunde (fig. 20), har sitt motsvar i Baptisteriet der ein djevel brukar det til å rake i elden

med (fig. 9). Eit reiskap vi ikkje finn i Baptisteriet er saga, som i Arenakapellet vert bruka til å

kutte eit syndarhovud i to (fig. 19). Lemlestinga og torturen av syndarsjeler er utført på

267 I følgje blant andre Baschet, 1993, s. 624

268 Lorenzi, 1997, s. 36

269 Barasch, 1976, s. 124

270 Moschetti, 1907, s. 103, note 1

271 Rothschild & Wilkins, 1928, s. 32, og note 2 for relasjonar mellom luciferfigurane i prekestolane til Niccolò og Giovano

Pisano, og mosaikken i Firenze og fresken i Padova.

64

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!