13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

særleg gjennom gruppa av dei fordømte til venstre, dei fordømte i midten av Helvete og den

hengande Judas-figuren (sjå fig. 7, fig. 9 og fig. 10) 220 .

Trass den generelle bysantinske framstillingsmåten skil mosaikken i Baptisteriet seg frå

tradisjonell bysantinsk stil, ved den særleg dynamiske rørsla og ekspressiviteten til dei

fordømte i Helvete. Om vi samanliknar Helvete med dei stiliserte representasjonane av

apostlane, dei utvalte i Paradis og særleg med den ikoniske representasjonen av Kristus, ser vi

dette endå klårare.

Helvetesframstillinga i Baptisteriet er den største i sitt slag, har eit stort utval av djevlar, og er

intakt i si form trass ein del restaurering. Ho summerer og transformerar mange vanlege

førestillingar om Helvete og Dommedag i perioden, og utgjer på mange måtar og i mange av

elementa arketypar for seinare framstillingar 221 . Dette er òg på grunn av den sentrale

plasseringa av verket. Dåpshuset er også elles fantastisk dekorert og utsmykka, og har vore

hyppig besøkt heile den tida det har stått der. Som Rothschild og Wilkins nemner i sin artikkel

er det lite truleg at kunstnarar og intellektuelle som nokon sinne besøkte Firenze i denne

perioden ikkje har bruka tid i Baptisteriet 222 . Lorenzo Lorenzi og Rothschild & Wilkins

(mellom andre) har diskutert tilhøvet mellom dette kunstverket og Helvetesfresken malt av

Giotto og sveinane hans i Padova i 1303-05 223 . Dei argumenterar for viktige likskapar både

med omsyn til djevel- og satanikonografi, oppbygginga av Helvete og landskapet der, og

scenene i Helvete. I sin tur er det anerkjent at Giottos enorme helvetesframstilling på

vestveggen i Arenakapellet i Padova var ei viktig inspirasjonskjelde for dei seinare viktige

dommedags- og helvetesframstillingane utover 1300-talet.

Coppo di Marcovaldos dommedagsframstilling er ein skinnande affære. Kristus Frelsaren,

eller Dommaren, er ein enorm storleik sittande i ein mandorla med tydelege stigmata på

hender og føter. Vi ser han frontalt og symmetrisk, og han held høgre handa ut i ein frelsande

gest mot dei utvalde, og venstre handa er vendt ned i ein "vik-frå-meg" fordømmande gest

mot dei fortapte. Frelsaren ser mild og venleg ut, trass storleiken.

220 Paolucci (red.), 1994, s. 525

221 E. F. Rothschild & E. H. Wilkins, “Hell in the Florentine Baptistery Mosaic and in Giotto’s Padua Fresco”, Art studies,

ekstranr., 1928; Lorenzi, 1997, s. 28-84; forord i Lorenzi 1997, av Lamberto Crocini, s. 13-17

222 Rothschild & Wilkins, “Hell in the Florentine Baptistery Mosaic and in Giotto’s Padua Fresco”, Art studies, ekstranr.,

1928, s. 31

223 Lorenzi, 1997, s. 32-36; Rotchild & Wilkins, “Hell in the Florentine Baptistery Mosaic and in Giotto’s Padua Fresco”, Art

studies, ekstranr., 1928

50

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!