13.01.2015 Views

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

Kjent og ukjent i djevelsk ikonografi - Logg inn på Min Side

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

trollkvinna Erichto identifisert ved ein banner med inskripsjon. Erichto er blinda av slangar

som kveiler seg om hovudet hennar (fig. 27). Manto, som er opphavet til myten om byen

Mantova, er straffa saman med sannseiarane i høve til Dantes Divina Commedia. Desse har

hovudet plassert bakvendt på kroppen fordi dei ville sjå for langt fram medan dei levde. 508

Alle desse har ei mytologisk eller historisk rolle i mellomalderen, og tener til å symbolisere ei

universell synd på ein individualisert måte. Aristoteles posisjon er noko annleis enn dei

andres. Han var ikkje einsarta oppfatta som ein fordømt, men vart tatt på alvor og betrakta

som førebilete blant teologane og filosofane i samtida. Dante plasserar han i Limbo, og han

vert gjennomgåande referert til som Filosofen Dante og Aquinas 509 . Men det fanst

strøymingar som var negative til Aristoteles, og såg filosofien hans som ein fare for

kyrkjelæra. Polzer viser til slike strøymingar i Firenze mot siste halvdel av 1200-talet, og

identifiserar mannen som handhelsar på ein djevel i Baptisteriet i Firenze, som Aristoteles.

Polzer meiner at denne framstillinga har grunnlag i det religiøse og politiske klimaet i Firenze

i perioden 510 . Slik er framstillinga av Aristoteles meir kontroversiell og individuell, og tar eit

ikkje-universelt politisk standpunkt. Figuren har da noko av den samtidsmessige rolla som dei

personane som tilhøyrer den andre gruppa i oppdelinga ovanfor, nemleg framstillinga av

kjente politiske eller religiøse personar frå samtid eller nær fortid. Desse finn vi særleg i Pisa,

i det øvste feltet som er til kjettarar, trollmenn- og kvinner og simonistar.

Motpaven Nikolaus V er framstilt som kjettar i dette feltet, saman med Keisar Ludvig V av

Bayern 511 . Begge vert voldsamt mishandla av demonar, og kroppane deira vert rivne opp (fig.

28). Ludvig vart ikkje godkjent som keisar av Pave Johannes 22. i Avignon, som lyste han i

bann i 1324. Keisaren makta heller ikkje å sikre seg makt i Italia: Han utnemnde motpaven

Nikolaus V som også vart valt av det romerske folket i 1328,men måtte gi opp embetet

allereie i 1330 og vart fengsla i Avignon. Det er altså svært nylege hendingar som vert

framstilt her; Nikolaus døydde i 1333, og Ludvig levde til 1345. Camposanto i Pisa var eit

gravmonument for heile befolkninga i Pisa, men det var også mange tilreisande rike borgarar

som gravla sine døde her. Om identifiseringa av desse personane er rett, er det klart at

helvetesframstillinga i Pisa er eit slags politisk manifest, som støtter den regjerande

pavemakta i Avignon. Retorikken liknar den Dante bruka i Divina Commedia, som skildra

508 Sta Croce, Kreytenberg, s. 250; Dante: Helvetet, 1999, song 20, s. 168 (manglar norsk oms.)

509 Dante: Helvetet, song 11, vers 80-82, og 63-70, s. 136-137

510 Polzer, 1964, s. 457-61

511 Polzer, 1964, s. 463-464; Dodge, 1978, s. 95

115

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!